Jon Tvedt
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Jon Tvedt (29. juni 1966–11. januar 2009) var ein norsk motbakkeløpar og orienteringsløpar frå Bergen. Han representerte Gular IL.

Foto: Svein Harkestad
Remove ads
Biografi
1. oktober 2007 vart Tvedt presentert i dokumentarprogrammet Faktor på NRK1. Tittelen på programmet var «Året det var så bratt». Programmet følgde han og sonen gjennom 2007 på vegen mot to mål det året: Å sette ny rekord i motbakkeløpet «Skåla 1848 meter rett opp», og å trene sonen til å greie å stå. Sonen vart fødd tre månader for tidleg og fekk ei hjerneskade etter ein operasjon og krev mykje trening for å ha håp om å kunne stå og eventuelt gå. Tvedt sjølv måtte balansere eit liv i uro for sonen med eigen toppidrettssatsing på motbakkeløp og ein kneskade.
Jon Tvedt døydde 11. januar 2009 på ein treningstur saman med broren og ein kamerat på Gullfjellet ved Bergen.[1]
Orientering
Tvedt hadde ein lang karriere som orienteringsløpar, og vann fleire NM-titler. Han representerte Gular IL, men har før sprunge for Askøy OL, Halden SK og Kristiansand OK.
I 1993 vann han Nordisk meisterskap i langdistanse i Sibbo, Finland. I VM i orientering har Tvedt to fjerdeplassar som beste resultat. Desse kom på mellomdistanse i West Point, USA i 1993, og på stafett i Detmold, Tyskland i 1995. I 1995 vart han også nummer seks på langdistanse individuelt.
NM
Tvedt har elleve noregsmeisterskap og åtte andre NM-medaljar frå orientering og friidrett. Han var også to gongar juniornoregsmeister.[2]
Motbakkeløp
Tvedt satsa dei siste åra på motbakkeløp. Han kombinerte med dette naturopplevingar og toppidrett. Han vann ei rekke løp i inn- og utland og var ein leiande utøvar innan denne idretten.
I 2007 var bakkeløpet Turtagrø–Fanaråken sett opp som NM-løp. Tvedt vann klasse 40–44 år på bestetid uansett klasse.[3]
Skåla Opp, eller «Skåla 1848 meter rett opp», er eit av dei hardaste motbakkeløpa i verda. Det går frå Nordfjorden|fjorden]] i Loen i Stryn kommune og opp til Skålatårnet på toppen av fjellet Skåla. Tvedt vann løpet to gongar og sette i 2007 ny løyperekord med 1 time, 8 minutt og 39 sekund.[4]
Tvedt i Skåla Opp:
- 2005: Nr 2: 1.11,02
- 2006: Vinnar: 1.09,06
- 2007: Vinnar: 1.08,39 (rekord)
Saudehornet rett opp i Ørsta går frå Ørstafjorden opp på det 1303 m høge Saudehornet. Tvedt deltok i 2006, 2007 og 2008, og vann alle tre gongane. I 2007 brukte han 47 minutt og 59 sekund, som er løyperekord.
Tvedt hadde også løyperekorden i fleire år i motbakkeløpet Stoltzekleiven Opp som går i Stoltzekleiven i Bergen kvar haust.
Remove ads
Referansar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads