Just One Look
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Just One Look» er ein song skriven av dei amerikanske R&B-songarane Doris Troy og Gregory Carroll. Innspelinga til Doris Troy vart ein hit i 1963. The Hollies, Anne Murray og Linda Ronstadt gav ut sine eigne hitversjonar av songen.
Remove ads
Doris Troy-versjonen
Det er forskjellige soger om korleis Doris Troy-versjonen vart utgjeven på Atlantic Records. I følgje boka Billboard Book of One-Hit Wonders,[2] såg James Brown Troy spele på ein nattklubb (under hennar dåverande sceneman, Doris Payne), og introduserte henne til Atlantic.[3] Ei nyare soge i Soulful Divas,[4] fortel at Payne spelte inn ein demoversjon av songen og tok denne til Sue Records først, men då dei ikkje gav ho respons, tok ho han med seg til Jerry Wexler i Atlantic, der selskapet gav ut demoversjonen utan å spele han inn på ny. Med på innspelinga var Ernie Hayes på piano, Wally Richardson på gitar, Bob Bushnell på bass og Bernard Purdie på trommer.[5]
Singelen var den første gongen ho brukte namnet «Doris Troy» som scenenamn. Som låtskrivar singerte ho framleis songane sine som Doris Payne.[3]
I 1963 fekk Doris Troy den einaste hitten sin på Billboard Hot 100 med «Just One Look». Songen låg 14 veker inne på Billboard Hot 100, og nådde tiandeplassen,[6] medan han nådde tredjeplassen på Billboard si Hot R&B Singles-lista,[7] åttandeplassen på den newzealandske «Lever Hit Parade»,[8] og toppen av den kanadiske CHUM Hit Parade.[9] Songen nådde òg niandeplassen på Cash Box Top 100, samstundes som ein versjon av Andy and the Marglows låg på lista.[10]
Songen vart rangert på 70. plassen til Billboard for årets song i 1963,[11] og 80. plassen på tilsvarande liste hos Cash Box,[12] medan han låg på 11. plassen for årets R&B-song hos Billboard.[13]
Salslister
Remove ads
The Hollies version
«Just One Look» vart ein hit i Storbritannia i ein versjon med The Hollies. Songen nådde andreplassen på Record Retailer-lista i april 1964.[15] Han vart den 37. største hitten det året.[16] Ei amerikansk utgåve frå 1967 nådde 44. plassen på Billboard Hot 100.[17]
Salslister
Vekeslister
Remove ads
Anne Murray-versjonen
Anne Murray laga ein versjon av «Just One Look» i 1974 for albumet Love Song. Innspelinga var produsert av Brian Ahern og gjeven ut på singel i oktober det året. Versjonen hennar nådde 11. plassen på den kanadiske RPM Top Singles-lista,[22] 12. plassen på den kanadiske CHUM 30,[23] og låg to veker inne på den amerikanske Billboard Hot 100, med ein 86. plass som høgaste plassering.[24] Han nådde òg 50. plassen på Billboard si Easy Listening-liste.[25][26]
B-sida på singelen, «Son of a Rotten Gambler», gjekk til topps på RPM si Adult Contemporary-lista[27] og 3. plassen på RPM si Country-lista i 1974.[28]
Linda Ronstadt-versjonen
Linda Ronstadt gav ut ein versjon av «Just One Look» i 1978 på albumet hennar Living in the USA. Versjonen hennar vart gjeven ut på Asylum Records som den tredje singelen frå albumet den 23. januar 1979 og var produsert av Peter Asher. Ronstadt-singelen låg åtte veker på Billboard Hot 100, og nådde 44. plassen,[29] og femteplassen på Billboard si Easy Listening-lista.[30][31] Han nådde òg Cash Box Top 100[32] og 54. plassen på Record World-lista.[33]
Salslister
Vekeslister
Årslister
Remove ads
Andre versjonar
- Den amerikanske Motown-gruppa Martha and the Vandellas spelte inn songen i 1963 for albumet Heat Wave.[39]
- Den britiske songaren Lulu spelte inn songen i 1965 for Decca Records.
- Den amerikanske discogruppa Faith Hope and Charity gav ut songen og han låg fire veker inne på UK Singles Chart, og nådde 38. plassen den 7. februar 1976.[40][41]
- Doris Troy gav ut sin eigen discosong, «Another Look», produsert og arrangert av John Davis, med det meste av teksten intakt, men med store endringar i melodien og strukturen. Han kom ut som B-sida til «Can't Hold On» i 1977.
- John Paul Young spelte inn songen på albumet sitt, Now (1996).
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads