Karin Roten
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Karin Roten Meier (fødd 27. januar 1976) er ein sveitsisk tidlegare skirennar frå Leukerbad i kantonen Valais. Ho vann tre VM-medaljar og var særleg dyktig i slalåm og storslalåm.
Remove ads
Roten vann sølvmedaljen i storslalåm under verdsmeisterskapen i alpint 1996 i Sierra Nevada i Spania, Deborah Compagnoni frå Italia vart verdsmeister. Året etter, 1997, fekk Roten ein ny sølvmedalje i storslalåm under VM i Sestriere. I den same meisterskapen vann ho også bronsemedaljen i slalåm. I begge tevlingane var det atter Deborah Compagnoni som vart verdsmeister.
Roten vann to enkeltrenn i verdscupen i alpint, eitt i 1996 og det siste i 1998/99-sesongen. Elles i verdscuprenn fekk ho med seg tre andreplassar og ein tredjeplass. På samanlagtlista i verdscupen var ho som best i 1996-sesongen, ho kom då på tolvteplass.
Etter ho la opp som skialpinist i 2001, lanserte Roten sitt eige kosmetikkmerke. Sidan 2004 har ho også arbeidd som sidekommentator for fjernsynskanalen SF DRS.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Karin Roten» frå Wikipedia på tysk, den 13. januar 2012.
Bakgrunnsstoff
- (en) Karin Roten – Profil og resultatoversikt hos FIS
- Karin Rotens heimeside Arkivert 2007-12-31 ved Wayback Machine.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads