Kilroy Was Here av Styx
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kilroy Was Here er det ellevte studioalbumet til det amerikanske rockebandet Styx, gjeve ut den 22. februar 1983. Albumet er kalla opp etter den kjende graffitimeldinga frå andre verdskrigen, «Kilroy was here». Det var det siste albumet med originale songar av den «klassiske» besetninga til bandet med Dennis DeYoung, Tommy Shaw, James «J.Y.» Young, John Panozzo og Chuck Panozzo.
Albumet inneheldt to hitsinglar, synthpopsongen «Mr. Roboto», som seinare vart ein av signatursongane deira, og powerballaden «Don't Let It End». Begge av dei vart store hittar i 1983 og nådde høvesvis tredje- og sjetteplassen på singellista i USA.
Hardrocksongen «Heavy Metal Poisoning», byrjar med dei baklengs-maskerte, latinske orda «annuit cœptis, novus ordo seclorum».[5] Dette tyder «[han/ho/det] har føretrekt forpliktingane våre,[6] ein ny orden for tidene».[7][8] Desse er to av mottoa som er på det amerikanske riksvåpenet på eine sida av den amerikanske 1-dollarsetelen.
Albumet selde til platina i USA[9] og er så langt det siste albumet av bandet som har klart dette.
Remove ads
Bakgrunn
Bandet skapte delvis albumet som eit hånleg svar til fundamentalistiske, kristne grupper og andre antirock-aktivistar som tidlegare hadde påverka senatet i Arkansas om å vedta ei lov som sa at alle plater som inneheld baklengsmaskering måtte merkast med dette av produsenten. I lovforsalget vart det omtalt plater av The Beatles, Pink Floyd, Electric Light Orchestra, Queen og Styx. ELO hadde eit liknande svar på sitt eige album, Secret Messages i 1983.
Albumet er ein slags rockeopera som fortel om ei soge der rock er gjort forbode av ei fascistisk og teokratisk regjering og «MMM (the Majority for Musical Morality)». Hovudpersonen i soga, Robert Orin Charles Kilroy (DeYoung), er ei tidlegare rockestjerne som er blitt plassert i fengsel av MMM-leiaren Dr. Everett Righteous (Young).[10] Forkledd rømmer han (i følgje songen «Mr. Roboto») og oppdagar ein ung musikar, Jonathan Chance (Shaw), som er har ein misjon om å bringe rocken attende.
Kilroy Was Here vart laga av songaren Dennis DeYoung som eit album og eit tilhøyrande sceneshow, som opna med ein kortfilm med same namn. I følgje ein episode i «Behind The Music» om Styx, vart den første delen av turneen ein økonomisk katastrofe, sidan Styx hadde leigd små teatersalar for å gjere opplevinga meir intim, medan dei seinare på turneen spelte på store, utselde areaner.
Albumet debuterte på tiandeplassen på Billboard 200 den første veka og selde over ein million eksemplar. Til slutt nådde albumet tredjeplassen på albumlista i USA, men selde ikkje like godt som dei føregåande albuma, som hadde fått Styx til å ta ei meir teatralsk retning. I eit intervju med Chicago Tribune snakka James Young om dei kunstnariske usemjene i bandet som førte til at dei vart oppløyst: «Dennis ønskte sterkt å gjere desse rolege, intime kjærleiksballadane, og meg og Tommy Shaw var sterkt i mot det, så skilnadane våre vart forsterka, fordi Dennis insisterte på å gå utafor grensene me kunne akseptere. Han er ein sjølvsikker fyr med sterke meiningar.»[11]
Trass i at albumet selde godt, vart ikkje songane på albumet spelte fleire gonger på konsertane deira etter Kilroy-turneen var over, før «Mr. Roboto» vart framført som ekstranummer 30. mai 2018.[12] DeYoung har spelt songane «Mr. Roboto» og «Don't Let It End» mykje på soloturneane sine.
Remove ads
Musikkvideo
Tre av fire videoar for albumet—«Mr. Roboto», «Don't Let It End» og «Heavy Metal Poisoning»—vart filma på same tid og nytta klipp frå kortfilmen. Ein fjerde video, «Haven't We Been Here Before», vart filma eit par månader etter albumet kom ut.
Innhald
Medverkande
Styx
- Dennis DeYoung – vokal, klaverinstrument
- Tommy Shaw – vokal, elektrisk og akustisk gitar
- James «JY» Young - vokal, elektrisk gitar
- Chuck Panozzo – bassgitar
- John Panozzo – trommer, perkusjon
Andre medverkande
- Steve Eisen – saksofon
- Dan Barber – horn
- Mike Halpin – horn
- Michael Mossman – horn
- Mark Ohlson – horn
Produksjon
- Arrangert & produsert av Styx
- Lydteknikarar: Gary Loizzo, Will Rascati, Rob Kingsland
- Assisterande lydteknikar: Jim Popko
- Mastering av Ted Jensen i Sterling Sound, NYC
Remove ads
Salslister
Album - Billboard (USA)
Singlar - Billboard (USA)
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads