Kiryat Anavim

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kiryat Anavim
Remove ads

Kiryat Anavim (hebraisk קִרְיַת עֲנָבִים, tyder Druebyen) var den første kibbutz som vart grunnlagd i Judeafjella.[2] Han ligg vest for Jerusalem og høyrer til Mateh Yehuda regionale kommune. I 2008 hadde han 313 innbyggjarar.[1]

Kjappe fakta Land, Distrikt ...
Remove ads

Historie

Thumb
Inngangen til Kiryat Anavim.

Området som kibbutzen ligg på vart kjøpt frå nabolandsbyen Abu Ghosh. I 1912 selde Abu Ghosh-familien fleire tusen dekar til Arthur Ruppin, som representerte sionistrørsla.[3] I 1919 slo ei gruppe på 25 pionerar frå den ukrainske byen Zjvanitz seg ned i området, nær ei lita kjelde kalla «Dilb» etter platanen som voks her (arabisk: dilb; hebraiske: dolev).[4]

Den 9. november 1937 vart fem medlemmar av gruppa Gordonia som arbeidde på eit skogplantingsprosjekt for Jewish National Fund nær Kiryat Anavim angripen og drepen av arabarar. Ma'ale HaHamisha kibbutz («Åsen av dei fem»), som vart grunnlagd eit år seinare, vart kalla opp etter dei.[5]

Den 6. september 1996 førte ein skogbrann i Jerusalemkorridoren til store skadar i Kiryat Anavim og området kring. Femten heimar og ti andre bygningar vart skadde i brannen.[6]

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads