Kiss Them for Me av Siouxsie and the Banshees

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Kiss Them for Me» er ein song skriven og spelt inn av det engelske rockebandet Siouxsie and the Banshees. Han vart produsert av Stephen Hague og kom ut i 1991 som den første singelen frå det tiande studioalbumet deira, Superstition.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Singelen fekk god omtale då han kom ut og vart den mest suksessrike singelen deira i USA med ein meir streit popstil enn tidlegare singlar av bandet. Den kryptiske teksten var ein ode til skodespelaren og sexsymbolet Jayne Mansfield.[1]

Singelen nådde 23. plassen på Billboard Hot 100-lista.[2] Det vart òg den andre singelen deira som nådde toppen av Modern Rock Tracks-lista i USA og det vart den første Banshess-songen som nådde topp 10 på den amerikanske US Hot Dance/Disco-lista, med ein åttandeplass der. Songen vart òg mykje vist på MTV. I Storbritannia nådde «Kiss Them for Me» 32. plassen på UK Singles Chart og vart den 16. topp 40-singelen deira der.[3]

«Snapper Mix»-utgåva har ei sampling av Jayne Mansfield frå filmen Will Success Spoil Rock Hunter?, medan «Kathak Mix», miksa av produsenten Youth, har talte samplingar frå Robert Anton Wilson i starten.

I Storbritannia vart det gjeve ut to forskjellige 12"-plater. Den første inneheld «Snapper Mix» og B-sidene «Staring Back» og «Return», som ikkje var med på albumet. Den andre inneheld tre forskjellige versjonar av «Kiss Them for Me» av Youth: «Kathak Mix» på A-sida og «Loveappella Mix» og «Ambient Mix» på B-sida.

Remove ads

Andre versjonar

Songen vart spelt av Diane BirchSchool of Seven Bells i 2010[4][5] og Anna Nalick i 2011.[6]

Innhald

Amerikansk maxi-singel (GEFDS-21650) på Geffen Records

  1. «Kiss Them for Me» (7" Version) – 4:29
  2. «Staring Back» – 3:16
  3. «Return» – 5:02
  4. «Kiss Them for Me» (Kathak Mix) – 8:56

Spor 2 og 3 vart produserte av Siouxsie and the Banshees med Charles Gray som lydteknikar.

Salslister

Meir informasjon Liste (1991), Plassering ...

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads