Superstition av Siouxsie and the Banshees
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Superstition er det tiande studioalbumet til det engelske rockebandet Siouxsie and the Banshees, gjeve ut i 1991. Den første singelen, «Kiss Them for Me», gav bandet den første topp 40-hitten deira på Billboard Hot 100 i USA, då han nådde 23. plassen. Albumet nådde 65. plassen på Billboard 200-lista.[1] Bandet utvida den musikalske horisonten sin og fekk med seg den indiske musikaren Talvin Singh, som spelte tabla på songane «Kiss Them for Me» og «Silver Waterfalls».
Remove ads
Bakgrunn og marknadsføring
Albumet vart produsert av Stephen Hague, kjend for å arbeide med New Order og Pere Ubu. Hague nytta teknikkar som Siouxsie Sioux seinare mislikte, som databasert produsent. Ho sa «Det er framleis songar eg likar der, som 'Kiss Them for Me' og 'Drifter', men me prøvde ein annan arbeidsstil, ein annan type disiplin, der eg verkeleg vart i mot datamaskinar.»[2]
I 1991 brukte bandet to månader på vegen, frå juli til august, i USA som nest øvst på plakaten på den første Lollapalooza-turneen. Den siste konserten var i Seattle den 31. august. To veker seinare nådde albumet 65. plassen på Billboard 200-lista den 14. september[3] og låg totalt 21 veker inne på lista.[4] Det vart det bestseljande albumet deira i USA og hadde i 2004 selt nesten 360 000 eksemplar der, i følgje Nielsen SoundScan.[5]
Remove ads
Utgjeving
Albumet vart gjeve ut på nytt og ommastra med bonusspor i oktober 2014.[6] I september 2018 kom albumet ut på ny med ommastra lyd på 180-grams dobbel vinyl.[7]
Mottaking
Superstition fekk god kritikk av kritkarane. Q gav albumet fire av fem stjerner og sa: «Dei gjer det meir pop med søte strykarar på singelen 'Kiss Them for Me', går ned mot maritime metaforar på 'Drifter' med illevarslande tåkelur og bjøller, som gjev det eit Twin Peaks-aktig landskap for 'Softly'.»[10] Melody Maker likte godt den første singelen: «'Kiss Them for Me' er herleg, vond og glamorøs».[12] I same magasinet skildra Jon Wilde som Superstition «ei enorm plate om mani, perspektiv og kjenslemessig tyranni». Wilde sa at songen «The Ghost in You» var «eit rasande vakkert refreng på seks tonar som heimsøker ein lenge etter platespelaren er slått av».[9] I ei melding for fire av fem stjerner skreiv Select at «Kiss Them for Me» var ein «lidenskapeleg tilbakelent» singel, «eksotisk» og «funky», med «ein roleg, underliggande elektro-puls» som gjorde han dansevennleg. Resten av albumet vart òg omtalt på positivt vis. «Drifter» vart samanlikna med musikken til ein Sergio Leone-film med ein smak av «eterisk sensualitet», og «Silver Waterfalls» vart omtalt som «nydeleg». Meldaren skreiv at albumet endar med den «delikate» «Softly», som har ein naken tekst og er var nok til nesten vere Scott Walker.[11]
Innhald
All musikk av Siouxsie and the Banshees.
All tekst skriven av Siouxsie Sioux, utanom der andre er nemnde
Remove ads
Medverkande
- Siouxsie Sioux – vokal
- Steven Severin – bass, klaverinstrument
- Budgie – perkusjon, trommer, klaverinstrument
- Jon Klein – gitar
- Martin McCarrick – dulcimer, cello, klaverinstrument
- Andre medverkande
- Talvin Singh – perkusjon, tabla, tavil
- Teknisk
- Stephen Hague – produsent
- Mike «Spike» Drake – lydteknikar
- Nigel Godrich – assisterande lydteknikar
- Abdul Kroz-Dressah – assisterande lydteknikar
- Will O'Sullivan – assisterande lydteknikar
- Nigel Vichi - design
- Siouxsie and the Banshees – design
- Donna Francesca – fotografi
Remove ads
Salslister
Album
Singlar
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads