Kisses on the Bottom
album av Paul McCartney From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Kisses on the Bottom er det 15. studioalbumet til Paul McCartney og består hovudsakleg av coverversjonar av tradisjonell pop og jazz. Det kom ut i februar 2012 på Starbucks-selskapet Hear Music, og var det første studioalbumet til McCartney sidan Memory Almost Full i 2007. Albumet vart produsert av Tommy LiPuma og inneheld berre to originale songar av McCartney: «My Valentine» og «Only Our Hearts». Eric Clapton spelar gitar på den førstnemnde, medan Stevie Wonder spelar munnspel på den andre. Kisses on the Bottom nådde tredjeplassen på UK Albums Chart og femteplassen på den amerikanske Billboard 200, medan det toppa Billboard si Jazz Albums-liste.
I tillegg til standardutgåva, kom albumet ut i ei luksusutgåve med songane «Baby's Request» – skriven av McCartney og opphavleg spelt inn av Wings i 1979 på albumet Back to the Egg – og «My One and Only Love». I november 2012 vart ei utvida utgåve av Kisses on the Bottom, kalla Complete Kisses, gjeve ut eksklusivt på iTunes store. Dette inneheldt dei fjorten songane og fire bonusspor, og heile iTunes Live from Capitol Studios.
Kisses on the Bottom fekk ein score på 62/100 hos Metacritic, basert på 26 meldingar.[3] I 2013 vann albumet Grammyprisen for beste tradisjonelle popalbum med vokal.[14]
Remove ads
Innhald
Remove ads
Medverkande
Medverkande per plateomslaget.[15]
|
|
Remove ads
Salslister
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads