Kjell Bondevik

norsk historikar og politikar From Wikipedia, the free encyclopedia

Kjell Bondevik
Remove ads

Kjell Bondevik (11. mars 190122. desember 1983) var ein norsk Kristeleg Folkeparti-politikar og folklorist fødd i Leikanger.[1] Bondevik vaks opp i Sogndal.[1]

Kjappe fakta Fødd, Død ...
Remove ads

Liv og virke

Yrkesliv

Bondevik var lærar ved Oslo Kristelige gymnas 1927-1931, stipendiat 1931-1933, lektor i Haugesund 1933-1937, rektor ved Sauda gymnas frå 1937, dosent i folkeminne-vitskap og folkelivsgransking ved Universitetet i Bergen.

Politikk

Bondevik var stortingsmann for Rogaland fylke 1950-1965, Kristeleg Folkeparti sin nestformann 1955-61 og parlamentarisk leiar 1961-65.

Vidare var han sosialminister i John Lyng si regjering 1963, og kyrkje- og undervisingsminister i Per Borten si regjering 1965-71.

Etter at Borten si regjering gjekk av den 2. mars 1971 på grunn av «lekkasjesaka» om EF, fekk Bondevik, etter at Høgres John Lyng var vorten uaktuell som statsministerkandidat, den 6. mars i oppdrag å danna ei ny firepartiregjering. Dei samarbeidande partia skulle vera Høgre, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Venstre. Forhandlingane tok til måndag den 8. mars.

Då han allereie neste kveld den 9. mars måtte gje opp, kom han på direktesendt fjernsyn med denne klassiske uttala:

«Eg er djupt såra og vonbroten over at Senterpartiet, som gjekk sterkt inn for å få meg til å prøva å skipa ei ny regjering, mot mitt personlege ynskje, ikkje sa greitt ifrå om sitt standpunkt. Særleg er det leitt at Senterpartiet gav dei andre partia grunn til ein optimisme som det viste seg ikkje å vera grunnlag for.
Alle representantane frå dei andre partia rekna med at det var skapt eit akseptabelt grunnlag som alle burde kunne ha stått på, men det viste seg altså ikkje å vera tilfelle.
Når eg tenkjer på alle dei sakene som samarbeidsregjeringa har gjennomført i dei siste fem åra, og nye - som ein kunne ha fått gjennomført - gjev eg uttrykk for djup sorg over det som no har hendt.»

I ettertid har «djupt såra og vonbroten» vorte eit populært uttrykk, som vert nytta av både nynorsk- og bokmålsfolk.

Kjell Bondevik var onkel (farbror) til Kjell Magne Bondevik.

Remove ads

Bibliografi

Bøker

  • 1933 Jordbruket i norsk folketru : ei jamførande gransking. 1. Åringsmerke (Oslo: Norsk folkeminnelag) I fulltekst ved nb.no
  • 1935 Valfarting og lovnader (Haugesund: Haugesund museum)
  • 1941 Sogndal Sparebank i 100 år : 1841 - 10. juli - 1941 (Haugesund: Nils Sunds Prenteverk) I fulltekst ved nb.no
  • 1950 Jordbruket i norsk folketru : ei jamførande gransking. 2. Langtidsvarsel (Oslo: Norsk folkeminnelag) I fulltekst ved nb.no
  • 1966 Sogndal Sparebank i 125 år : 1841 - 10. juli - 1966 (Sogndal: Sogndal Sparebank) I fulltekst ved nb.no
  • 1977 Jordbruket i norsk folketru : ei jamførande gransking. 3. Vårtidi og sumaren (Oslo: Noreg Boklag) I fulltekst ved nb.no

I bøker - eit utval

  • 1937 Folkedikting (Bergen: Grieg) I fulltekst ved nb.no  [I: Norske bygder. Bind 4. Sogn, s. 141-158]
  • 1938 Høgtider i Noreg og på Island (Oslo: Aschehoug)  [I: Nordisk kultur. XXII, s. 89-112]
  • 1939 Korleis kan ei tru verta til (Bergen) I fulltekst ved nb.no  [I: Heidersskrift til Gustav Indrebø, s. 101-112]
  • 1940 Gard og grend (Oslo: Aschehoug)  [I: Norsk kulturhistorie. IV, s. 75-127]
  • 1975 Truer og førestellingar i stadnamn (Oslo: Grøndahl) I fulltekst ved nb.no  [I: Norske stedsnavn/stadnamn, s. 132-144]

I tidsskrift - eit utval

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads