Knockin' on Heaven's Door
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Knockin' on Heaven's Door» er ein song av Bob Dylan for filmmusikken til Pat Garrett and Billy the Kid frå 1973.
Mama, take this badge off of me
Bob Dylan |
Songen nådde 12. plass i USA. I Noreg nådde singelen 3. plass, men låg inne på Topp 10 i heile 17 veker. Tredjeplassen var den høgaste plasseringa Dylan klarte nokon gong i Noreg. I 2004 vart songen rangert på 190. plass av musikkindustrien og musikkpressa i musikkmagasinet Rolling Stone på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.
Remove ads
Skildring
Songen skildrar kjenslene og inntrykka til ein døyande assisterande sheriff.
Songen består av fire akkordar i G-dur: G, D, Am7 og C. Akkordmønsteret gjennom songen er G-D-Am7-Am7 og så G-D-C-C, som så vert repetert.
Andre utgåver
Mange andre artistar har spelt inn songen i mange forskjellige stilar. Mest kjend er kanskje Eric Clapton og Guns N' Roses.
Andre artistar som har spelt songen er mellom andre Bon Jovi, U2, Avril Lavigne, Bob Marley, The Animals, Wyclef Jean, Grateful Dead, Lynyrd Skynyrd, Aerosmith, The Sisters of Mercy, Bryan Ferry, Meir Ariel, The Alarm, Dan Kleederman Television, Mark Knopfler, Bruce Springsteen, The Tramp on Winchester High Street, Heaven, The Lost Dogs, Mungo Jerry, Luciano, Randy Crawford, Babyface, Beau Jacques, Chaozz, Roger McGuinn, Cold Chisel, Zé Ramalho, Sandy Denny, Antony and the Johnsons, Warren Zevon (gjeven ut berre to veker før han døydde), Roger Waters, Herman Brood, Nazareth, Angela Aki, Tomoya Nagaze og United Rhythms of Brazil.
Det finst fleire utgåver av songen som ein duett, mellom anna mellom Ladysmith Black Mambazo og Dolly Parton og mellom Det raude armé-koret og Leningrad Cowboys.
Sjølv om han ikkje er ein direkte cover nyttar britiske Gabrielle ein stor del av songen i hitten «Rise».
Norsk versjon
Tom Karlsen skreiv ein norsk tekst til songen kalla «Nok, nok, nå er'e nok» framført av Oslo Rhythm'n Blues Ensemble i 2002.
Remove ads
Salslister
Guns 'n Roses-versjonen
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads