Kommunar i Finland

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kommunar i Finland
Remove ads

Kommunar i Finland (svensk kommun, finsk kunta) er dei 311 kommuneeiningane Finland er delt inn i (per 2018). Dei er styrt av ei folkevald forsamling, kommunestyret (sv. kommunfullmäktige, fi. kunnanvaltuusto). Kommunane har ansvaret for basistenester for innbyggarane. Ein kommune kan kalle seg by (finska: kaupunki) om den vurderer å oppfylle dei krav som blir stilt til eit bysamfunn.

Thumb
Finske kommunar i 2009.
Thumb
Landskap i Finland i 2010.

Kommunane har etter lova ansvaret for visse utdanningar, sosial- og helsestelltenester, tekniske tenester (t.d. vatn og avløp) og miljøtenester. Mange tenester blir gitt i samarbeid med andre kommunar i samkommunar, til eksempel sjukehus, mange læreanstaltar og yrkeshøgskolar. Dei kommunale beslutningstakarane blir valde kvart fjerde år i eigne kommunevalet.

Kommunestyret delegerer myndigheit i den daglege drifta av kommunen til eit slags formannskap (sv. kommunstyrelsen, fi. kunnanhallitus) som leiar verksemda i kommunen. I kvar kommune er det tilsett ein kommunedirektør (sv. kommundirektör, fi. kunnanjohtaja) som har ansvaret for den daglege drifta av kommunen. I byane kommunedirektøren blir kalla stadsdirektör (fi. kaupunginjohtaja). Finlands Kommunförbund[1] handsamer aktuelle spørsmål rundt kommunane sine oppgåver. Kommunane sine arbeidsformer er regulerte i Finlands kommunelov.[2]

Einspråklege kommunar tilbyr tenestene på det lokale språket, finsk eller svensk. I visse fall, såsom det som gjeld grunnskolen, skal kommuneinnbyggarane likevel bli tilbydd tenesta på deira eige morsmål. Tospråklege kommunar må tilby tenestene, skilting og visse dokument på begge språk. Språklova gjeld berre finsk og svensk, men i samanes heimbygdsområde skal kommunane på tilsvarande måte gi tenestene òg på samisk.

Kvar kommune ligg i eit av landet sine 19 landskap, og kvart landskap har sitt landskapsforbund (sv. landskapsförbund, fi. maakuntaliitto) som fungerer som ein samkommune. Kvart landskap er vidare delt inn i økonomiske regionar der kommunane samarbeider i ulik grad.

Dei styrande organa i landskapsforbunda blir ikkje valde ved direkte val.

Remove ads

Historie

Før 1977 var kommunane inndelt i landkommuner (sv. landskommun, fi. maalaiskunta), köpinger (fi. kauppala) og bykommuner (stad). En köping hadde ein liknande status som eit ladested i Noreg. Lovreguleringa for desse einingane hadde utvikla seg nokså ulikt.[3]

Både før og etter 1809, då Finland vart skilt frå Sverige og vart under det russiske storfyrstedømmet, fungerte städer (by) og landsbygdas sokn (utifrå kyrkjelege inndelingar i stift og forsamlingar) likt i Finland som i svenske kommunar. Til og med rettsvesenet si inndeling i härad hadde sit motstykke i Sverige. Dei første kommunelovene for Finland vart innført ved keisarleg forordning 6. februar 1865, altså straks etter Sveriges kommunalförordningar i 1862. Ei förordning for städane (by) sin organisasjon følgde i 1873.

På landet låg dei lokale oppgåvene hos soknet frå 1723. Først frå 1865 vart dei lokale tenestene lagt til ein sjølvstendig landkommune.

I byene utvikla det lokale sjølvstyre seg alt frå 1300-talet. Byen sine borgara valde eit råd som hadde ansvaret for oppgåver for fellesskapen. Ei kommunal forvalting av byane vart regulert ved lov av 1873. Finland sin første köping vart grunnlagt i 1858.

Etter sjølvstende frå Russland vart det innført nye lover i tidsrommet 1917-1919. Røysteretten i kommunale val vart allmenn og proporsjonal og ikkje lenger avhengig av innkomsta. I 1925 vart kommunane frikopla frå kyrkja si inndeling i församlingar. I takt med at fleire oppgåver vart pålagt kommunane, auka behovet for å gjere kommunane større. Ytterlegare kommunereformer følgde i 1932, 1949 og 1970.

Viktige milepålar for det kommunale sjølvstyret kom gjennom ei ny lov om landkommunane i 1898 og nye kommunale lover i sjølvstendeåret 1917. I 1948 fekk ein ei felles lov for alle kommunetypar.

Finland hadde, liksom i Sverige før 1971, tre kommunetypar, landskommunar, köpingar og städer(by). I 1977 vart skiljet mellom kommunetypane avskaffa. Köpingen som kommunetype opphøyrde den 1. januar 1977 og alle köpingar vart automatisk gjort om til byar (stad).[4]

I 1995 vart det innført ein einheitleg kommunetype. Likevel inneheld 5§ i Finlands kommunallag følgjande passus: «Kommunen kan använda benämningen stad när den anser sig uppfylla de krav som ställs på ett stadssamhälle.» Av dagens 311 kommunar reknar 107 seg som bykommunar (sv. stad, fi. kaupunki).[5] Etter den noverande kommunelova er dette eit reint nominelt spørsmål og inneber ingen skilnad i status, rettigheiter eller plikter.

Talet på kommunar[6] har gått sterkt ned gjennom kommunesamanslåingar. På 1970-talet gjekk talet ned frå 518 i 1970 til 464 i 1980. Frå 2008 til 2009 sokk talet frå 415 til 348 og vidare til 342 i 2010. Sikring av kvaliteten på og tilgangen til kommunane sine tenester i tillegg til auka produktivitet i kommunane har vore grunngjevvinga for kommunereformane i løpet av dei siste åra.[7]

1. januar 2009 vart den største kommunesamanslåingsprosessen i finsk historie gjennomført. Talet på kommunar i Finland vart redusert med 67 til 348. Dei 32 samanslåimgane berørte i alt 99 kommunar. Dei største kommunesamanslåingane vart gjennomført i områda kring Salo, Tavastehus, Kouvola og Jyväskylä i tillegg til i Skärgårdshavet. 1 januar 2010 vart det gjennomført ytterlegare samanslåingar. Lovisa vart danna frå gamle Lovisa, Liljendal, Pernå og Strömfors. Norrmark vart slått saman med Björneborg, Ylämaa med Villmanstrand og Himango med Kalajoki. Dessutan vart det gjenmomført eit tal andre grenseendringar.[8]

Av dei 342 kommunane frå 2010 høyrte 16 til Åland og 326 til det så kalla fastlandet. Det fanst 31 tospråklege og 19 svenskspråklege kommunar i Finland, mellom dei alle kommunane på Åland. I Finland kan ein kommune etter §5 i den finske kommunelova velje å kalle seg by (stad). «Kommunen kan använda benämningen stad när den anser sig uppfylla de krav som ställs på ett stadssamhälle». 108 av kommunane i Finland har vald å ta bystatus.

Remove ads

Liste over kommunar i Finland

Dette er ei liste over kommunar i Finland etter inndelinga pr 1 januar 2010.

Kommunane sitt svenske namn står først i lista. I dei tilfella der det ikkje finst noko særskilt svensk namn, er det finske namnet oppgitt òg i kolonnen "Svensk namn" og omvendt. Ein del av dei svenskspråklege namna blir ikkje lenger nytta i til dømes media. Dei namna som ein truleg ikkje vil finne i media, er merkte med to stjerner (**), og dei relativt sjeldsynte med ei stjerne (*).

Tabellen er sortert etter svenske namn, men kan òg sorterast etter finske namn, folketal, regionforvaltingsverk, landskap og helsepleiedistrikt.

Meir informasjon Svensk namn, Finsk namn ...
Remove ads

Kjelder

Sjå òg

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads