Konrad Sundlo
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Konrad Sundlo (fødd 1. januar 1881 i Kristiansand, død 25. mai 1965 på Nesøya), var ein norsk offiser og politikar i Nasjonal Samling før og under andre verdskrigen. Han vart dømd til livsvarig fengsel i landssvikoppgjeret etter krigen.

Remove ads
Bakgrunn
Korad Sundlo var utdanna offiser og vart uteksaminert frå Krigsskulen i 1902. Han gjekk inn i Nasjonal Samling allereie i 1933 og vart same år utnemnd til regimentssjef for Infanteriregiment nr 15.
Før andre verdskrig
Remove ads
Andre verdskrig
Under den tyske invasjonen av Narvik den 9. april 1940 var Konrad Sundlo oberst og øvstkommanderande for dei norske styrkane i Narvik. Sundlo kommuniserte til sin divisjonssjef, general Carl Gustav Fleischer, at det ikkje var verd å gjere motstand, og overgav byen utan kamp. Fleischer prøvde å få Sundlo til å organisere forsvaret av byen, og då han nekta fekk ein underordna offiser ansvaret for forsvaret og for å arrestere Sundlo.
Då Vidkun Quisling vitja Adolf Hitler i Berlin hausten 1939 hadde han vist fram eit brev frå partifellen Sundlo og forsikra at ein tysk operasjon i Narvik kom til å verte løyst på fredeleg vis.
Etter slaget om Narvik 9. april 1940 vart Sundlo stempla som forrædar av general Carl Gustav Fleischer. Under rettsoppgjeret vart han frikjend for forræderi, dømd for ei rekkje andre tilhøve under okkupasjonstida. Nokre av dommarane meinte at han burde ileggjast dødsstraff. Domen vart likevel livsvarig fengsel.
Under den tyske okkupasjonen var Sundlo først Rikshirdsjef frå august 1940 og ut 1941. Deretter var han nazistisk fylkesmann i Oslo i åtte månader, deretter i Akershus i 1943 og 1944, og til slutt i Sogn og Fjordane fram til frigjeringa.
Rettoppgjøret
Sundlo vart i landssvikoppgjeret dømd til livsvarig fengsel i ein dom der 3 av 8 dommarar ynskte dødsstraff. Han vart lauslate etter nådegiving i 1952. I skjerpande retning la retten vekt på Sundlo sitt arbeid for å verve frivillige til Den Norske Legionen i Waffen-SS, og at han hadde gått inn for å tvangsmobilisere norske ungdomar til militær teneste for Tyskland.
Sundlo skreiv eit bokmanus etter krigen, kalla «Narvik – byen med kanonen». Dette manuset har ikkje vorte publisert i bokform.
Remove ads
Kjelder
- Norsk Biografisk Leksikon: Konrad Sundlo, Store norske leksikon
- Konrad Sundlo, Lokalhistoriewiki
- Konrad Sundlo, NorgesLexi Arkivert 2011-07-24 ved Wayback Machine.
- Denne artikkelen bygger på «Konrad Sundlo» frå Wikipedia på bokmål, den 10. juli 2013.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads