Lady av Styx

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Lady» er ein song skriven og framført av rockebandet Styx frå 1973. Han vart først gjeven ut på Styx II og vart ein lokal hit i heimbyen deira Chicago, men gjekk ikkje i starten inn på dei nasjonale listene. Songen fekk ny suksess kort tid etter at Styx forlet Wooden Nickel Records til fordel for A&M Records i 1974 då han slo gjennom nasjonalt,[1] og klatra til slutt til sjetteplassen på Billboard Hot 100 i mars 1975. Powerballaden[2] vart seinare spelt inn på ny i 1995 for samleplata Greatest Hits på grunn av ein kontraktsstrid mellom A&M og Wooden Nickel.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Bakgrunn

«Lady» vart skriven av Dennis DeYoung for kona si, Suzanne Feusi, den første songen han skreiv til ho.[3]

Dette er den einaste songen frå dei fire Wooden Nickel-albuma deira som framleis vert spelt på konsertane deira.

Salslister

Meir informasjon Liste (1975), Plassering ...

Medverkande

Remove ads

Lady '95

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...

Lady '95 er ei nyinnspeling frå 1995 som Styx gjorde av songen frå 1973. Han vart spelt inn på ny på grunn av ein strid mellom plateselskapa A&M Records og Wooden Nickel Records. Denne versjonen finst berre på A&M-samlinga Styx: Greatest Hits, som songen vart spelt inn for.

Medverkande

Andre media

Songen er blitt brukt i forskjellige TV-program, inkludert episodar av It's Always Sunny in Philadelphia, Freaks and Geeks, The Office og Still Standing. Han er òg blitt nytta i filmar som The Perfect Man, Old School og Underdog.

Homer Simpson, som Odyssevs, syng denne songen når han kryssar elva Styx i ein episode av The Simpsons.

Dennis DeYoung song songen med Hal Sparks i 2006 på TV-showet Celebrity Duets.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads