Larne
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Larne (frå irsk Latharna)[1] er ein by i grevskapet Antrim i Nord-Irland. Byen har i samsvar med folketeljinga i 2011 ei befolkning på 18 705 innbyggjarar.[2] Byen ligg like nord for Belfast og er ei mykje brukt ferjehamn. Hamna i Larne har vore i bruk i meir enn 1000 år, og er i moderne tid mest brukt av fraktskip, og er ei viktig roll-on roll-off-hamn for passasjerar og gods.[3] Tidlegare var det vanlegast å ta ferje til Stranraer i Skottland. No går det også ferje til Fleetwood i England. Byen har ein eigen politistyrke, Larne Harbour Police. Den irske forma av namnet, Latharna, betyr «Lathar-land» og viser til ein irsk høvding som skal ha halde til i området.[4][5]
Remove ads
Folkesetnad
I følgje folketeljinga den 27. mars 2011 budde det 18 755 menneske i Larne, noko som utgjorde 1,04 % av det totale talet i Nord-Irland.[6] Av desse var rundt 18 % under 16 år og faktisk òg 18 % over 65 år. Av den bufaste folkesetnaden var nær 52 % kvinner og nær 48 % menn.[6]
Rundt 67 % tilhøyrde eller var blitt oppseda innan protestantismen (eller annan ikkje-katolsk kristendom), medan nær 26 % tilhøyrde eller var blitt oppseda innan katolisismen. Rundt 71 % indikerte at dei hadde britisk nasjonalitet, 30 % hadde ein nordirsk nasjonal identitet, og 8,75 % hadde ein nasjonal irsk identitet (i svara kunne ein oppgje meir enn ein nasjonal identitet). 17,2 % hadde ein del kunnskap om ulster-skotsk, og 4,02 % hadde ein del kunnskap om irsk-gælisk.[7]
Remove ads
Historie
Den eldste tida





Kystområdet rundt Larne har vore folkesett i fleire tusenår, og blir rekna som eit av dei eldste folkesette områda på øya Irland. Desse eldste menneskelege folkesetnadene trur ein kom hit frå dagens Skottland via North Channel. I Knockdhu, nord for Larne, låg det ei bygdeborg ute på ein odde og det er funne spor etter busetjing frå bronsealderen. Dei eldste kystbebuarane blir antekne å ha hatt ein sofistikert kultur som involverte handel mellom kysten av North Channel og mellom andre busetjingar langs den skotske kysten. Kysten til Skottland er faktisk godt synleg herfrå. Arkeologiske utgravingar i området har funne flintverk og andre gjenstandar som er blitt daterte til 6000 f.Kr. og seinare. Omgrepet «larniansk» er blitt nytta av arkeologar for å beskriva slike flintverk og liknande gjenstandar frå mesolittisk tid (og ein gong for å beskriva mesolittisk kultur i Irland samla sett) frå den tida då menneska her levde som nomadiske jegerar og samlarar.[8]
Larne har namnet sitt frå Latharna, eit irsk-gælisk territorium eller túath som var ein del av det mindre riket Dál nAraidi under Ulaid.[9] Namnet stava som «Latharne» blei brukt på eit tidspunkt i referanse til ei anglo-normannisk underinndeling, tilsvarende eit herad, av byen Carrickfergus.[10] Latharna i seg sjølv tyder ‘Lathars land’ eller ‘Lathar sine etterkomarar’. I følgje legenda var Lathar ein son av den førkristne kongen Úgaine Mór, som blei skildra som ein irsk overkonge.[11]
Busetnade fann fotfeste der elva Inver renn ut i innsjøen Larne Lough. Dette området blei kjent på irsk som Inbhear på Latharna (‘elvemunningen til Latharna’)[12] og blei seinare anglisert som «Inver Larne» eller ganske enkelt «Inver». Latharna blei berre brukt utelukkande om byen dei siste hundreåra. Den romerske keisaren Septimius Severus skal ha skildra korleis ein romersk galei i 204 e.Kr. på veg til Skottland svinga ut av kurs til ein stad som blir kalla Portus Saxa, som er forsøksvis identifisert med Larne Lough, utan at ein kan vera sikker. Grekarane i antikken kjende òg til kysten av Antrim, om ikkje anna av omtale, og geografen Klaudios Ptolemaios på 100-talet e.Kr. refererte til ein stad kalla Islandmagee på eit av karta sine.[13]
Mellomalderen
Det er funne spor etter norrøne folk som kom til området som vikingar på 900-talet. Det blei avdekka norrøne gravstadar og gjenstandar i området som er datert til denne tida. I 1840 blei eit mannleg skjelett funne ved kysten av Larne. Grava var ei enkel grop i sanden omtrent 1,5 meter over høgsvassmerket. Mannen var ein krigar som var gravlagd med eit tviegga sverd lagt over brystet med handtaket mot høgre hand. Han hadde òg fått med seg ei nål av bronse og ein kam skoren ut av bein.[14] Snorre Sturlason omtalar ein stad kalla Ulvreksfjorden (Larne Lough) i soga om Olav den heilage, der Einar Sigurdsson Vrangmunn kom i kamp med den langt større hæren til irskekongen Konofogor, og så vidt slapp unna til Orknøyane med berre eitt skip.[15][16] Andre namn er Wulfrichford, Wolderfirth, Wolverflete og det bevarte namnet Olderfleet. Endinga -fleet kjem frå norrøne fljot, i tydinga ‘innløp’[17] eller kanskje heller ‘elv’.[18] Older- kan vera forvanska frå norrøne oldu, i tydinga ‘bølge’.[19][20]
På 1200-talet bygde den skotske familien Bissett festninga Olderfleet Castle ved Curran Point ved hamna i Larne. I 1315 gjorde Edward Bruce landgang ved Larne, med ein 6000 mann sterk hær på veg for å erobra Irland. Edward var bror til den skotske kongen Robert Bruce. Olderfleet Castle, eit tårnhus i fire etasjer, var av strategisk tyding. Edward var invitert av nokre irske stormenn som ynskte ein sterk hærførar i kampen mot engelskmennene. Edward og Robert såg på Irland som ein mogleg annan front i den pågående krigen mot normanniske England.[21][22]
Busetjinga av Ulster



I 1569 utnemnde Elisabeth I, som var dronning av både England og Irland, den militære kommandanten Moyses Hill til guvernør for Olderfleet Castle. Festninga var viktig for kvar ein erobring av Ulster. Etter 1600-talet kom mange fleire nybyggjarar til Ulster via Larne, under busetjinga av Ulster. Området rundt sjølve grevskapet Antrim var likevel ikkje ein del av den offisielle busetjinga frå 1600-talet; i staden kom mange skotske nybyggjarar til området gjennom privat busetjing på 1600-talet (slik dei hadde òg gjort i hundreår før).
Utvandring og opprør
I løpet av 1700-talet emigrera mange skotsk-irarar til Nord-Amerika frå hamna i Larne. Eit monument i Curran Park til minne om «Friends Goodwill», det fyrste emigrantskipet som segla frå Larne i mai 1717, på veg til Boston i Massachusetts i regionen New England i det moderne USA. Dei djupe skotsk-irske røtene til Boston kan sporast tilbake til Larne.
Byen er dokumentert som den fyrste i grevskapet Antrim som vart teke av opprørsforeningen United Irishmen under det skjebnesvangre opprøret i 1798. Dei protestantiske opprørarane frå dette området (nesten utelukkande presbyterianarar) fylte Larne og engasjerte regjeringsstyrkane rundt klokka 02.00 om morgonen 7. juni. Dette overraskande angrepet dreiv garnisonen til å flykta frå byen. Opprørsstyrken marsjerte for å bli med til Henry Joy McCracken og kjempa i slaget ved Antrim.[23]
I 1914 førebudde lojalister seg på å stå imot lova om sjølvstyre (Home Rule Act 1914) med væpna motstand. I ein episode kjend som våpensmuglinga i Larne blei tyske, austerrikske og italienske våpen med ammunisjon frakta inn i hamna i Larne og Bangor i mulm og mørke og spreidde over heile Ulster.[24] Denne hendinga markerte eit stort skritt i å sementera retten til unionistane i Ulster om å bli verande i Storbritannia, og dette berga til slutt til opprettinga av Nord-Irland.
Konflikten i Nord-Irland
Larne I løpet av tida som er karakterisert som «The Troubles», konflikten i Nord-Irland, hadde Larne eit betydeleg paramilitært nærvær i byen, mest gjennom nærværet av Ulster Volunteer Force (UVF) og Ulster Defence Association (UDA). Byen leid ei rekkje bombeangrep frå den provisoriske irske republikanske hæren (IRA) i denne tida, særleg ved ei stor bilbombe ved King's Arms-hotellet i 1980 som gjorde skade på dei viktigaste shoppingområda som IRA tok på seg ansvaret for.[25] Hendinga blei teken opp i parlamentet på den tida.[26]
Hendingar som involverte dødsfall var:
- 16. september 1972: Sinclair Johnston, eit medlem av UVF, skoten av Royal Ulster Constabulary under gateforstyrringar i byen då sistnemnde verna katolikkar som bodde i St Johns Place.[27]
- 20. november 1974: Kevin Regan døydde av skaden han fekk i eit UVF-angrep fem dagar før på Maguires bar på Lower Cross Street. Larne UDA gav IRA skulda for angrepet.[28]
- 6. februar 1975: Colette Brown, ein katolikk, blei funnen ved sida av Killyglen Road etter å ha vore skutt av lojalister.[29] To menn, ein av dei medlem av UVF-medlem og den andre ein underkorporal i UDR (Ulster Defence Regiment), blei seinare dømde for drapet hennar.[30]
- 8. september 1975: Michael O'Toole, ein katolikk, døydde av skaden han blei påført i ei lojalistisk booby trap-bombe festa til bilen hans to dagar tidlegare.[31]
- 24. august 1980: Rodney McCormick, ein katolikk, blei skoten og drepen av Ulster Defence Association (UDA) i Antiville-området i byen. Royal Ulster Constabulary dømde dei involverte våpenmennene.[32]
- 11. juli 2000: Andrew Cairns, eit medlem av UVF, blei drepen av medlemmar av UDA[33] ved ein ellevte natts-bålfeiring (dagen før «Orangemen's Day» 12. juli) i ein mistenkt lojalistfeide på Boyne Square. Han kan òg ha blitt drepen på grunn av ei påstått innblanding i eit tidlegare overgrep.[34] George Montgomery ved Royal Ulster Constabulary fann ikkje noko motiv for drapet. Ulster-lojalisten David Ervine (PUP) uttalte at det ikkje var nokon lojalistfeide.[35]
Remove ads
Industri og handel

Ballylumford kraftverk er hovudkraftstasjonen i Nord-Irland. Andre energioperatørar i Larne er blant dei einna B9 Energy (eit utviklingsselskap for fornybar energi).[36]
Larne er òg heimstad for hovudkvarteret til selskapet Caterpillar (NI) Limited (ein del av Caterpillar-gruppa som produserer diesel- og gassgeneratorar),[37] InspecVision (industrielt inspeksjonsutstyr),[38] TerumoBCT (ein japansk produsent av intravenøse dripplausningar) og blodprodukter),[39] og forretningsparken LEDCOM (Larne Enterprise Development Company).[40]
Det finst ei rekkje butikkar langs hovudgata Larne Main Street, Dunluce Street, Laharna Retail Park og store supermarknader utanfor Harbour Highway nær hamna. Det blir òg halde marknad på onsdagar på Larne Market Yard.[41]
Larne Harbour Police er ein britisk politistyrke med ansvar for hamna. Kontrollorganet for styrken er Police Ombudsman for Northern Ireland.[42][43][44]
Vennskapsbyar
Larne har følgjande venskapsbyar:
Clover i Sør-Carolina[45]
Clover har kalla ein av skulane sine, Larne Elementary School, opp etter Larne.[46]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads