Lars Erik Eriksen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Lars Erik Eriksen
Remove ads

Lars Erik Eriksen (fødd 29. desember 1954) er ein tidlegare norsk langrennar. Han var mellom dei beste i norsk langrenn i perioden 1977 til 1984. Han representerte først Bjerke IL, seinare Nannestad Skiklubb.

Kjappe fakta
Remove ads

Karriere

Eriksen var med på det norske stafettlaget (4x10 km) som vart verdsmeistrar på heimebane i 1982, gullet vart delt med Sovjetunionen sitt lag. I same meisterskapen vann han sølvmedaljen på 30 km og bronsemedaljen på 50 km. Eriksen var og med på stafettlaget som kom på bronseplassen under VM i 1978 og stafettlaget som erobra sølvmedaljen under OL i Lake Placid to år seinare. Han vann i 1984 i Lahti sin einaste verdscupsiger. Der sigra han i sekundstrid mot Thomas Wassberg på 15 kilometeren. Eriksen vart norgesmeister fire gonger (1980, 1983 og 1984).

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn

  • 1976: Nr 13 på 50 km i Holmenkollen.
  • 1977: Nr 7 på 50 km i Lahti.
  • 1978: Nr 5 på 50 km og nr 8 på 30 km i VM i Lahti. Nr 4 på 30 km i Falun og på 50 km i Holmenkollen.
  • 1979: Vinnar av 50 km i Lahti, nr 3 på 50 km i Holmenkollen.
  • 1980: Nr 4 på 50 km i OL i Lake Placid. Nr 2 på 15 km i Lahti.
  • 1981: Nr 5 på 15 km i Holmenkollen.
  • 1982: Sølvmedalje på 30 km og bronsemedalje på 50 km under VM i Holmenkollen.
  • 1983: Nr 6 på 15 km i Holmenkollen.
  • 1984: Vinnar av 15 km i Lahti (hans einaste verdscupsiger). Nr 6 på 30 km i OL i Sarajevo. Vinnar av 15 km i Holmenkollen.
  • 1985: Nr 8 på 50 km i Holmenkollen.

Medaljar i VM- og OL-stafettar

  • 1978: Bronse (VM).
  • 1980: Sølv (OL).
  • 1982: Gull (VM).

Medaljar og besteplasseringar i norgesmeisterskap

Eriksens beste samanlagtplasseringar i verdscupen var to andreplassar (1978 og 1979) og tredjeplassen i 1980. Han vart tildelt Holmenkollmedaljen i 1984 og Lahtimedaljen same sesongen.

Remove ads

Kjelder

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads