Larvikitt
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Larvikitt er ein monzonittisk djuperuptiv bergart som er kjent for sitt vakre fargespel.[1][2][3] Han blei kåra til nasjonalbergart i Noreg i 2008.[4]
Remove ads
Bergindustri
Larvikitt er den viktigaste natursteinen i Noreg som blir utvunnen i stor skala. I steinbrota tar ein ut to hovudvariantar; lys larvikitt og mørk larvikitt. Det kan vere betydelege variasjonar i utsjånad på steinen mellom dei ulike lokalitetane. Brota ligg hovudsakleg i Larvik i Vestfold og litt inn i Porsgrunn i Telemark. Larvikitt er berre funne i Oslofeltet, hovudsakleg ved Larvik og områda rundt. Den blir brukt til fasadar, gravmonument, benkeplater, fliser og liknande over heile verda. Bergarten har fått namn etter byen Larvik. Som handelsvare blir larvikitt ofte marknadsført under namn som Lys labrador, Mørk labrador, Blue pearl, Emerald pearl og liknande, og er blitt ein viktig eksportartikkel. I 2005 blei det eksportert larvikitt for 660 millionar kroner.[5]
Remove ads
Stratigrafi
Larvikitt førekjem vanleg i den sørlege delen av det som blir kalla Oslofeltet. Dette er ein monzonittisk djuperuptiv som utgjer ei hovudgruppe av bergartane i Oslofeltet.[6]
Petrologi
Larvikitt høyrer til dei magmatiske bergartane (vulkanske). Den er ein djupbergart, også kalla intrusiv størkningsbergart, som er blitt danna under høgt trykk og høg temperatur djupt nede i jordskorpa. Den består i hovudsak av alkalifeltspat og plagioklas. Mindre mengder biotitt, augitt, nefelin, magnetitt, ilmenitt, olivin og kvarts kan vere til stades.[7][8]
Larvikitt har eit blåleg fargespel som kjem av lysbryting i mikroskopiske lamellar av plagioklas i alkalifeltspat (Schiller-effekt). Bergarten får dermed ein spesiell glans som gjer den attraktiv som pryd- og bygningsstein.[9] Dette fargespelet har av mange blitt forveksla med fargespelet frå plagioklasvarianten labradoritt. Fargespelet i labradoritt liknar på fargespelet i larvikitten, men her skuldast det variasjon av natriuminnhaldet i krystallane.[10]
- Mørk larvikitt, polert overflate, frå Larvik.
- Lys larvikitt, polert overflate, frå Larvik.
- Lys larvikitt, broten overflate, frå Larvik.
Larvikitt som bygningsmateriale


Larvikitt har blitt brote som byggestein til kyrkjer og andre byggverk sidan mellomalderen. Likevel starta den kommersielle drifta ikkje før på 1880-talet. Det første brotet blei starta av Ferdinand Narvesen i 1884. På den tida kalla geologane den for labrador. Det var før Waldemar Christofer Brøgger i 1890 beskreiv bergarten som ein augitt-syenitt og gav den namnet larvikitt etter byen Larvik som låg like ved. Seinare har det synt seg at larvikitten i lokalitetane for det meste kan klassifiserast som alkali-monzonittar.[11][12][13] Trass dette blir larvikitt den dag i dag seld under namn som labrador, syenitt og granitt, truleg fordi desse namna kling litt betre.
- Lys larvikitt blir broten vest i Larvik, i Tveidalenområdet og litt inn i Porsgrunn. Tveidalstypen har grå eigenfarge og fargespelet er dominert av blått. Som handelsvare går den under namn som Lys labrador, Blue pearl, Lys syenitt og liknande.[14][15][16]
- Mørk larvikitt blir broten aust i Larvik, i Tjøllingområdet og inn mot grensa til Sandefjord. Dei vanlegaste variantane er Klåstad-typen og Bergan-typen. Som handelsvare går dei under namn som Mørk labrador, Bergan syenitt, Emerald pearl eller Mørk syenitt. Det største brotet ligg på Klåstad. Den går frå å vere mørk til å bli nesten svart.[17][18][19]
Remove ads
Norsk nasjonalbergart
Larvikitt vart i februar 2008 kåra til nasjonalbergart for Noreg. Den var ein av ti mellom 50 bergartar som var blitt plukka ut av ein fagjury, som gjekk vidare til folkerøysting. Då røystinga var over den 18. januar, hadde larvikitt fått 40 % av røystene og låg an til å bli ein klar vinnar. Sidan larvikitt er så «typisk norsk» som den er, kunne fagjuryen lett slutte seg om denne bergarten. Kåringa blei presentert i høve 150-årsjubileet til Norges Geologiske Undersøkelse den 6. februar 2008.[20]
Thulitt som tidlegare er blitt kåra til «Norges nasjonalstein», er ikkje diskreditert av kåringa av Noregs nasjonalbergart.[21]
Remove ads
Bygningar med larvikitt
- SN-bygningen i New York
- Universitetsbiblioteket i Oslo (fasade)
- Carillon i Berlin klokkespel i Berlin i Tyskland (fasade)
- Ford bygningskompleks i Detroit (fasade)
- Mercedes Benz sitt hovudkvarter i København (fasade)
- Moskéen til Sultanen av Brunei
- Den norske Banks avdeling i Larvik (fasade, søyler)
- Glaxo Wellcome-bygningen i Aten (fasade)
- Barclays Bank i Aten (fasade)
Sjå òg
Referansar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads