Le Locle

From Wikipedia, the free encyclopedia

Le Locle
Remove ads

Le Locle er ein by og ein kommune i distriktet Le Locle i kantonen Neuchâtel i Sveits. Kommunen har 10 052 innbyggjarar (2010) og eit areal på 23 km². Kommunesenteret ligg 945 meter over havet. Le Locle er hovudstad i distriktet, som har namn etter kommunen.

Meir informasjon Plassering, Styresmakter ...

Han ligg i Jurafjella, nokre kilometer frå byen La Chaux-de-Fonds og tett ved grensa til nabolandet Frankrike. Han er den tredje minste byen i Sveits (i Sveits har ein by minst 10 000 innbyggjarar for å reknast som by).

Meir informasjon Land, Areal ...

Le Locle er eit senter for sveitsisk urmaking, og vert stundom rekna som opphavet til industrien med røter attende til 1600-talet.[1] Kommunen har vorte heimstad til fabrikantar som Zodiac, Terrasse Watch Co., Tissot, Ulysse Nardin, Zenith og Universal Geneve, før sistnemnde vart flytta til Genève. Historia til byen i urmaking er dokumentert i Musée d'Horlogerie du Locle, Monts slott.[2] På grunn av urmakarhistoria er byen innskriven på verdsarvlista til UNESCO.

Thumb
Col des Roches-kløfta
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads