Rutland

From Wikipedia, the free encyclopedia

Rutland
Remove ads

Rutland er eit seremonielt grevskap i England, som grensar til Leicestershire i vest og nord, til Lincolnshire i nordaust og til Peterborough i søraust.

Kjappe fakta Land, Region ...

Frå nord til sør er det berre 18 km langt og får vest til aust berre 17 km breitt. Det er den minste sameinte styresmakta i England ut frå folketal og berre City of London har mindre areal. Det er òg det minste historiske grevskapet i England, som har gjeve det mottoet Multum In Parvo eller «mykje i lite».[1] Av dei moderne seremonielle grevskapa er Isle of Wight, City of London og City of Bristol mindre.

Dei einaste byane i Rutland er Oakham, som er administrasjonsstad, og Uppingham. Midt i grevskapet ligg det store vassreservoaret Rutland Water. Dette ere it viktig naturreservat for overvintrande fuglevilt og hekkestad for fiskeørn.

Dei eldste hyttene i Rutland er bygd av kalkstein eller jernmalm og mange har tak av collywestonskifer eller takhalm.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads