Lesja kommune

kommune i Innlandet From Wikipedia, the free encyclopedia

Lesja kommune
Remove ads

Lesja kommune er ein kommune i Innlandet. Kommunen grensar i nord til kommunane Molde, Sunndal og Oppdal, i aust til Dovre, i sør til Vågå og Lom, i sør og vest til Skjåk, og i vest til Rauma. Ein person frå Lesja vert kalla ein lesjing.

Kjappe fakta Land, Fylke ...
Remove ads

Busetjing

Thumb
Lesja bygdemuseum
Foto: Gunhild Hansen
Thumb
Bjorli stasjon

Busetnaden ligg i hovudsak på 500 til 650 meters høgd langs Raumabanen og E136. Dei fleste innbyggjarane bur i grendene Lesja, Lora, Lesjaverk, Lesjaskog og på Bjorli.

Næringsliv

Hovudnæringa i kommunen er landbruk. Nær 30 % av dei yrkesaktive i kommunen arbeider innan jordbruk. I dei siste tiåra har turisme vorte meir og meir viktig. Utbygging av hytter har skjedd på Bjorli og området rundt Lesjaskogsvatnet. Bjorli skisenter er eit viktig trekkplaster for sunnmøringar og romsdalingar. Om sumaren vert det køyrd turisttog frå Åndalsnes til Bjorli. Avisa Vigga er lokalavis for Lesja og Dovre kommunar.

Remove ads

Samferdsle

Jarnbana Raumabanen og hovudvegen frå Austlandet til Sunnmøre og Romsdal, Europaveg 136, går gjennom kommunen. Toga stoggar på Bjorli stasjon[1] og om det trengst på Lesja stasjon[2] og Lesjaverk stasjon[3]. Det er ikkje togstopp på den nedlagde Lora stoppestad[4]. Stasjonsbygga på Bottheim og Lesjaskog er fjerna[5][6]

Geografi

Størsteparten (82 %) av kommunen ligg over 900 m. over havet. Busetnaden ligg i hovudsak på 500 til 650 meters høgd langs Raumabana og E136. Mykje av fjellterrenget ligg over 1500 m o.h., med dei høgaste toppane i sørvest (t.d. Gråhø (lokalt namn Løyfthøe) 2014 m o.h. og Digerkampen 1956 m o.h.) og i nordaust (Storstyggesvånåtinden 2209 m o.h.). Platåbreen Storbrean på grensa mot Skjåk er den største isbreen i kommunen, det er mange andre mindre brear og fonner som gjer at vassføringa i dei fleste vassdraga er jamn gjennom heile sumaren. Sidedalene Lordalen og Dalsida har vore viktige for setring i lang tid. Aursjøen på Dalsida vart demt opp i 1953.

Lesjaskogsvatnet ligg i kommunen, dette vatnet har to utløp som utgjer byrjinga på elvane Gudbrandsdalslågen og Rauma.

Klima

Lesja har innlandsklima med lite nedbør, kalde vintrar, relativt varme sumrar og store skilnader mellom dag- og nattetemperatur i sumarhalvåret. Normalverdiar for perioden 1961−1990 er gjevne i tabellen nedanfor.

Meir informasjon Normaler for Lesja (572 moh.), Jan ...

Lesja har kulderekorden for Oppland fylke. På Lesjaskog vart det målt −45,0 grader 6. januar 1982. [8]

Remove ads

Tusenårsstad

Thumb
Hovudgarden på Lesja jernverk året 1752. Eigar Hans Holmboe d.y.

Tusenårsstaden i kommunen er Tunstugu som ligg på Lesja bygdemuseum. Stova rommar kafé og utstillingslokale for museet. I mange samanhengar er dette storstova i bygda, som blir nytta til bryllaup, gravferder, store arrangement osb.

Venskapskommune

Lesja kommune inngjekk den 29. oktober 2006 ei venskapsavtale med Marijampole kommune i Litauen.

Kjende lesjingar

Verdt å sjå i Lesja kommune

Sjå òg

  • Lesja-saka

Referansar

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads