Lia Manoliu

From Wikipedia, the free encyclopedia

Lia Manoliu
Remove ads

Lia Manoliu (25. april 19329. januar 1998) var ein rumensk friidrettsutøvar frå ș som deltok i samtlege seks sommarleikar i tidsrommet 1952-72, og vart olympisk meister i diskoskasting i 1968.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Manoliu vart nummer seks i diskoskasting under dei olympiske leikane i Helsinki i 1952. Under Sommar-OL 1960 i Roma tok ho leiinga med eit kast på 52,36 m, og enda opp med bronsemedaljen. Fire år seinare vann ho i Tokyo endå ein OL-bronse, då med eit kast på 56,96 m.

Framom 1968-sesongen vart Manoliu vraka av det rumenske friidrettsforbundet, og ho måtte trene på eiga hand. Ho kvalifiserte seg til Sommar-OL i Mexico, der ho småskadd smelte til med 58,28 meter i den fyrste omgangen, eit kast som skulle vise seg å halde til olymisk gull.

Manoliu la opp etter 1972-sesongen. Hennar aller lengste diskoskast målte 62,06 m.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads