Serious Moonlight-turneen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Serious Moonlight-turneen var ein verdsturné av den engelske musikaren David Bowie, starta i mai 1983 for å marknadsføre albumet Let's Dance (1983). Turneen opna i Vorst Forest Nationaal i Brussel, den 18. mai 1983 og enda i Hong Kong Coliseum den 8. desember 1983. Turneen vitja 15 land og bestod av i alt 96 konsertar,[1] og over 2,6 millionar selde billettar.[2] Turneen fekk mykje rosande omtale frå musikkpressa.[3] Det var på den tida den lengste, største og mest suksessrike turneen til Bowie, men har sidan blitt overgått både i lengd, publikum og inntekt av seinare Bowie-turnear.
Remove ads
Utvikling
Turneen kom i gang for å marknadsføre det siste albumet til Bowie, Let's Dance, og skulle i utgangspunktet vere ein mindre turné, som skulle gå i hallar som kunne ta mindre enn 10 000 i publikum verda rundt, slik den førre turneen til Bowie hadde vore. Men suksessen til Let's Dance gjorde at det vart uventa stor etterspurnad etter billettar. For ein konsert der det vart selt 44 000 billettar, var det 250 000 som ønskte å kjøpe billett, så turneen vart endra til langt større, utandørs spelestader. Den største enkeltkonerten var i Auckland i New Zealand, der 80 000 var i publikum, medan den største publikumsmengda på ein av festivalkonsertane var 300 000 på US 83 Festival i California. Alle konsertane var utselde.[1]
Bowie brukte boksing (som han var fan av) for å kome i form til turneen. Sonen hans Duncan Jones peikte seinare på at «kvar runde i boksing er kring same lengda som ein song, så om du får god nok kondis til å gjere 12 rundar eller der omkring, så er du klar!»[4]
Remove ads
Kulissar
Bowie sjølv hadde ei hand med i utforminga av kulissane for turneen, som inkluderte store søyler (omtalt som «kondomane») i tillegg til ein stor måne og ei enorm hand.[5] Scenen vart med vilje gjeven ei vertikal kjensle (særskild på grunn av søylene) og eit samla design som Bowie kalla kombinasjonen av klassisisme og modernisme. Vekta av eit sett (som det var to av) var 32 tonn.[1] Lyssrigginga bestod mellom anna av Vari*Lite VL1 og Lee Lawley var ansvarleg som lysteknikar.
Remove ads
Turnémusikar

Bowie nytta musiakrar han hadde samarbeidd med på Let's Dance, i lag med nokre andre mangeårige samarbeidspartnarar, som Carlos Alomar, som vart bandleiar på turneen.[1][5] Stevie Ray Vaughan, som hadde spelt sologitar på seks av songane på Let's Dance og som var ein ung og lovande musikar, skulle i utgangspunktet vere med på turneen.[6] Vaughan møtte opp for øvingane i Dallas i april (det finst opptak av desse øvingane),[7][8] men Vaughan møtte opp med kokain og ei hardt festande kone, og eit følgje som såg etter lett tilgang til dop.[9] Sidan Bowie sjølv hadde flytta til Berlin seint i 1970-åra for å prøve og kvitte seg med sitt eige kokainmisbruk,[10][11] klarte ikkje managementet til Bowie og Vaughan å kome til ei semje om korleis dei skulle løyse situasjonen, og til slutt fekk Vaughan sparken frå turneen.[6] Vaughan vart erstatta av den mangeårige Bowie-gitaristen Earl Slick.[12]
Songutval
På grunn av den høge etterspurnaden for bilettar til turneen, valde Bowie å spele dei meir kjende songane frå repertoaret sitt, og sa eit par år seinare at han hadde som mål å gje fansen songane dei hadde høyrt på radio i løpet av dei siste 15 åra, og kalla setlista ei samling som fansen «truleg ikkje hadde forstått utgjorde så mange flotte songar».[13] Bowie og Carlos Alomar valde ut songane for turneen og dei øvde inn 35 av dei for turneen.[1] Ein song som vart øvd inn, men som aldri vart framført på turneen var «Across the Universe», som Bowie hadde spelt i 1975 på Young Americans.[3] Setlista for turneen var grunnlaget for sporlista i plateboksen Sound + Vision i 1989.[14]
Remove ads
Turnéøvingar
I starten øvde bandet i eit studio på Manhattan[1] før dei flytta til Dallas for generalprøvar.[3]
Kvart bandmedlem hadde eit kostyme designa «ned til minste detalj», som om dei hadde ei rolle i eit skodespel.[15] To sett av kvart kostyme vart laga og gått med anna kvar kveld, og alle fekk halde eit sett då turneen var over som ein suvenir.[3] Kostyma til bandet var ein peikefinger, ein «lett parodi», på alle New Romantic-gruppene som var populære på denne tida.[1]
Remove ads
Turneen

For å motverke forfalskingar, vart billettar og garderobepass trykte med små feil som vanlege folk kanskje ikkje ville merke, medan dei tilsette på turneen raskt klarte å sjå.[1]
Den 30. juni 1983 var konserten i Hammersmith Odeon i London ein veldedig konsert for Brixton Neighbourhood Community Association i med prinsesse Michael av Kent i salen. Konserten 13. juli 1983 i Montreal Forum vart teken og og sendt på amerikansk FM-radio og andre radiostasjonar verdar over. Konserten 12. september i Vancouver vart filma for konsertvideoen Serious Moonlight, som kom ut i 1984 på video og i 2006 på DVD.
På konserten på Canadian National Exhibition Stadium den 4. september 1983 i Toronto, introduserte Bowie gjesteartisten Mick Ronson, som lånte gitaren til Earl Slick og spelte «The Jean Genie» med Bowie og band. Ronson hadde blitt spurt om å spele berre dagen for og han sa seinare: Eg spelte på gitaren til Slick. Eg hadde høyrd Slick spelte soloar heile kvelden så eg eg valde å ikkje spele soloar og berre gjekk ut slo laus på gitaren. Eg slo verkeleg laus på gitaren og svinga gitaren over hovudet mitt og den slags. Det var morosamt fordi David sa etterpå, 'Du skulle sett trynet hans...' og meinte han såg vettskremt ut. Eg hadde den dyraste gitaren hans svingande over hovudet mitt og Slick gjekk 'Waaaa... pass på gitaren min', veit du. Eg slo laus og han gjekk rundt hovudet mitt. Stakkars Slick. Eg visste ikkje at det var spesialgitaren hans. Eg trudde det berre var ein gitar, eit stykke tre med seks strenger.[3]}}
Den siste konserten på turneen, 8. desember 1983, var på treårsdagen for drapet på John Lennon, som Bowie og Slick tidlegare hadde arbeidd med i studio. Slick føreslo for Bowie nokre dagar før konserten at dei skulle spele «Across the Universe» som ein hyllest, men Bowie sa: «Vel, om me skal gjere det, kan me like gjerne spele 'Imagine'.» Dei øvde på songen nokre gonger den 5. desember (i Bangkok) og framførte songen den siste kvelden av turneen som ein hyllest til venen deira.[3]
Remove ads
Ettermæle
Turneen vart ein stor kommersiell suksess for Bowie, som ikkje forstod seg på den nye populariteten sin. Bowie sa seinare at suksessen til Let's Dance og Serious Moonlight-turneen gjorde at han ikkje lenger visste kven fansen hans var eller kva dei ønskte.[16] Ein kritikar kalla seinare denne turneen hans «mest lyttarvenlege» fordi «han hadde færre kulissar og eitt kostymebyte, frå ein ferskenfarga dress til blå.»[17]
Bowie prøvde seinare å unngå og repetere oppsettet for Serious Moonlight-turneen på Glass Spider-turneen i 1987.[18]
Konserten den 26. november i Auckland vart - på den tida - den mest sette konserten på den sørlege halvkula med over 80 000 menneske i publikum.[19]
Remove ads
Setliste
Dette er setlista frå konserten i Vancouver i Canada, den 12. september 1983. Lista er ikkje meint å representere alle konsertane på turneen.
- «Look Back in Anger»
- «Heroes»
- «What in the World»
- «Golden Years»
- «Fashion»
- «Let's Dance»
- «Breaking Glass»
- «Life on Mars?»
- «Sorrow»
- «Cat People (Putting Out Fire)»
- «China Girl»
- «Scary Monsters (And Super Creeps)»
- «Rebel Rebel»
- «White Light/White Heat»
- «Station to Station»
- «Cracked Actor»
- «Ashes to Ashes»
- «Space Oddity»
- «Young Americans»
- «Fame»
- «TVC 15»
- Ekstranummer
- «Star»
- «Stay»
- «The Jean Genie»
- «Modern Love»
Remove ads
Medverkande
- David Bowie – solovokal, gitar, saksofon
- Earl Slick – gitar
- Carlos Alomar – gitar, korvokal, musikalsk leiar
- Carmine Rojas – bassgitar
- Tony Thompson – trommer, perkusjon
- Dave Lebolt – klaverinstrument, synthesizer
- Steve Elson – saksofon
- Stan Harrison – saksofon, treblåseinstrument
- Lenny Pickett – saksofon, treblåseinstrument
- George Simms – korvokal
- Frank Simms – korvokal
Konsertar
Remove ads
Songliste
Frå David Bowie Frå Hunky Dory Frå The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars
Frå Aladdin Sane Frå Pin Ups
Frå Diamond Dogs Frå Young Americans
|
Frå Low
Frå "Heroes"
Frå Lodger
Frå Scary Monsters (and Super Creeps) Frå Let's Dance
Andre songar:
|
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads