Love Is Strong

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Love Is Strong» er ein song av det engelske rockebandet the Rolling Stones på albumet Voodoo Lounge frå 1994, der han er opningssporet. Han var òg den første singelen frå albumet.

Meir informasjon Låtskrivar(ar), Rolling Stones-kronologi ...
Remove ads

Inspirasjon og innspeling

Songen er skriven av Mick Jagger og Keith Richards og er ein grublande song om eit møte mellom ein songar og ein ukjend person som fører til «kjærleik ved første blikk» hos songaren.

« Your love is strong and you're so sweet; You make me hard, you make me weak; Love is strong and you're so sweet og some day, baby, we've got to meet...  »
« What are you scared of, baby?; It's more than just a dream;I need some time; We make a beautiful team...  »

Songen vart skriven i Irland av Richards og heitte opphavleg «Love is Strange». Ron Wood, Richards, Ivan Neville og produsent Don Was arbeidde med songen, medan Jagger var på turn for å reklamere for soloalbumet Wandering Spirit. Seinare endra Richards tittelen til «Love is Strong». Den endelege utgåva vart endra ein god del av Jagger, som medverka med tekst og munnspel.

Innspelinga av songen starta i september 1993 i heimestudioet til Wood i Irland og heldt fram i A&M Recording Studios i Los Angeles i 1994.

Remove ads

Utgjeving

Songen vart gjeven ut som den første singelen frå albumet, men gjorde det langt frå så bra som venta. Han nådde berre så vidt inn på Billboard Hot 100 i USA, den lågaste plasseringa Rolling Stones hadde hatt på ein førstesingel til då. Ein musikkvideo vart regissert av David Fincher og er ein svartkvit video som viser gigantiske utgåver av the Stones, samt eit par vanlege folk i romantiske klemmar i New York City.

Den svake plasseringa til singelen gjorde at heller ikkje albumet selde så bra som venta, trass i positiv kritikk og etter kvart ein Grammy Award. Songen vart meir populær i Europa der han gjekk til 14. plass i Storbritannia.

The Rolling Stones spelte songen på MTV Video Music Awards i 1994.

Remove ads

Innhald

  • 7" VS1503
  1. «Love Is Strong» (albumversjon)
  2. «The Storm»
  • Kassett VSC1503
  1. «Love Is Strong» (albumversjon)
  2. «The Storm»
  • CD VSCDE1503
  1. «Love Is Strong» (albumversjon)
  2. «The Storm»
  • CD VSCDT1503 - «Special Collectors»-utgåve
  1. «Love Is Strong» (albumversjon)
  2. «The Storm»
  3. «So Young»
  4. «Love is Strong» (Bob Clearmountain Remix)
  • CD VSCDX1503 - remix-utgåve
  1. «Love is Strong» (Teddy Riley Radio Remix)
  2. «Love is Strong» (Teddy Riley Extended Remix)
  3. «Love is Strong» (Teddy Riley Extended Rock Remix)
  4. «Love is Strong» (Teddy Riley Dub Remix)
  5. «Love is Strong» (Joe The Butcher Club Remix)
  6. «Love is Strong» (Teddy Riley Instrumental)

Salslister

Meir informasjon Liste (1994), Plassering ...
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads