17-11-70
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
17-11-70 (amerikansk tittel 11-17-70) er eit konsertalbum av Elton John, gjeven ut i 1971. Innspelinga vart gjort for ei direkte radiosending den 17. november 1970, som har gjeve namn til albumet. Den amerikanske tittelen vart endra til 11-17-70 som er det standard datoformatet i USA. Innspelinga var opphavleg populært på piratkopiplater i følgje Gus Dudgeon, noko som fekk plateselskapet til å gje ut innspelinga som eit album.[3]
Albumet selde ikkje så veldig godt, og det vart sagt at ei av piratkopiplatene tok ein del av dette salet, men det kan òg ha vore at marknaden var metta med Elton John-plater på denne tida. John hadde i løpet av kort tid gjeve ut to studioalbum (Elton John og Tumbleweed Connection) og eit filmmusikkalbum (Friends). Likevel vart albumet det fjerde av fire Elton John-album som låg inne på Topp 100 i USA samstundes, noko som var første gong nokon klarte etter The Beatles.
I følgje programleiaren Dave Herman, som ein kan høyre i byrjinga av albumet, kutta Elton John handa si under framføringa og mot slutten av showet var klaveret hans dekt av blod.
John og bandet hans framførte 13 songar under radiosendinga. Det opphavlege albumet hadde med seks songar. Ein sjuande song, «Amoreena», vart gjeven ut som eit bonusspor på 1996-utgåva av albumet. Dei andre seks songane vart først gjevne ut på ei spesialutgåve på Record Store Day i 2017 med resten av songane: «I Need You to Turn To», «Your Song», «Country Comfort», «Border Song», «Indian Sunset» og «My Father's Gun».
John har sagt i fleire intervju at han meiner denne innspelinga er den beste konserten hans. Det er òg eit døme på korleis konsertbandet til John høyrdest ut før gitarist Davey Johnstone, kom med som fast medlem i bandet hans.
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Bernie Taupin og Elton John, bortsett frå der andre er nemnde
1995/1996-utgåva
2-LP-utgåva frå Record Store Day i 2017
På Record Store Day i 2017 kom ei spesialutgåve av albumet ut med dei seks attverande songane frå konserten, i tillegg til «Amoreena» (som var på CD-utgåva frå 1996).
Sporliste på dei to første sidene var den same som en originale utgåva frå 1970.
Remove ads
Medverkande
- Elton John – piano, vokal
- Dee Murray – bass, korvokal
- Nigel Olsson – trommer, korvokal
Produksjon
- Gus Dudgeon – produsent, notat i omslaget
- Phil Ramone – lydteknikar
- David Hentschel – reduksjon (miks) (US LP)
- Clive Franks – reduksjon (miks) (UK LP)
- Matt Howe – reduksjon (miks) (Rocket-utgåva)
- Steve Brown – koordinering
- Joe Disabato – koordinering
- David Larkham – design, fotografi
- John Tobler – notat i omslaget
- Dave Herman – seremonimeister
Remove ads
Salslister
Album
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads