Martina Hrašnová

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Martina Hrašnová, fødd Danišová, (fødd 21. mars 1983) er ein sleggjekastar frå Bratislava i Slovakia. Han vann bronsemedaljen i øvinga under verdsmeisterskapen 2009 og tok sølvmedaljen i europameisterskapane 2012 og 2014.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Hrašnová forbetra i 2008-sesongen sitt personbeste med tre meter til 76,82 m, eit kast heilt opp mot verdstoppen i øvinga. Den 16. mai 2009 gjorde ho Trnava sitt livs beste kast då sleggja landa på 76,90 meter. Under verdsmeisterskapen i Berlin tre månader seinare nådde ho 74,79 m og tok bronsemedaljen.

Etter å a vorte mor i 2010 kom Hrašnová tilbake i sleggjeringen. Ved europameisterskapen 2012 i Helsinki kasta ho 73,34 og vann sølv, ein liten meter kortare enn det verdseinar Anita Włodarczyk frå Polen presterte. To år seinare vann dei same to utøvarane nytt sølv og nytt gull då EM 2014 fann stad i Zürich, der skilde det over fire meter mellom dei.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads