Eurovision Song Contest 1995
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Eurovision Song Contest 1995 var den 40. utgåva av Eurovision Song Contest, den årlege songtevlinga for medlemslanda av organisasjonen EBU. Tevlinga blei arrangert av den irske kringkastaren RTÉ, og finalen fann stad laurdag 13. mai 1995 i Point Theatre i Dublin i Irland. Dette var tredje året på rad at Irland arrangerte finalen etter å ha vunne tevlinga i 1992, 1993 og 1994. Programleiar var den irske journalisten Mary Kennedy.
EBU justerte ned talet på deltakarland frå 25 til 23 for å sikre seg om at programmet ikkje overskreid tre timar. Dei sju dårlegaste plasserte landa i 1994 måtte difor stå over tevlinga dette året: Estland, Finland, Litauen, Nederland, Romania, Slovakia og Sveits, som mista sin fyrste finale i tevlinga si historie. Etter ei tett avrøysting vann Noreg sin andre siger, denne gongen med gruppa Secret Garden og songen «Nocturne». Vinnarlåten var komponert av Rolf Løvland, som også hadde skrive «La det swinge», den fyrste vinnarlåten til Noreg frå 1985. «Nocturne» gjorde seg merka ved å vere nærmast instrumental. Teksten bestod berre av 24 ord, skrivne av Petter Skavlan. Spania kom på andreplass, medan Sverige blei nummer tre, Frankrike nummer fire og Danmark nummer fem. Med det enda Skandinavia på topp fem for fyrste og førebels einaste gong i historia. Dette var siste gongen på 26 år at ingen av songane i topp tre blei framførte på engelsk; fyrst i 2021 skjedde dette igjen.
Remove ads
Bakgrunn
Etter å ha vunne Eurovision Song Contest i 1994 var Irland og RTÉ vertskap for tredje året på rad. EBU vedtok dette året at talet på deltakarland skulle reduserast frå 25 til 23 for å unngå at sendinga oversteig tre timar.[1] Dette innebar samstundes at sju land måtte stå over på grunn av dårlig plassering året før: Litauen, Estland, Nederland, Finland, Romania, Sveits og Slovakia. Italia stod også dette året over tevlinga, det same gjorde Luxembourg. Italia kom først tilbake for eitt år i 1997 og sidan frå 2011, medan Luxembourg deltok ikkje i tevlinga igjen før i 2024. Dåverande Republikken Makedonia vurderte å debutere i tevlinga, men trekte seg ein tid før frista. Landet debuterte fyrst i 1998, etter at dei ikkje klarte å kvalifisere seg i 1996.
RTÉ valde nok ein gang å arrangere Eurovision Song Contest i konsertlokalet Point Theatre i Dublin, same stad som året før. Til å leie programmet valde kringkastaren Mary Kennedy, ein kjend irsk programleiar, nyheitsopplesar og skribent.
Etter å ha arrangert Eurovision Song Contest både i 1993 og 1994, ønskte RTÉ å halde kostnadane nede. Budsjettet for tevlinga var på 2,3 millionar irske pund – godt over 20 millionar norske kroner. Dette var rundt 3 millionar meir enn det kosta å produsere finalen året før.[2][3] Sendinga blei overført til 47 land med eit potensielt publikum på 300 millionar sjåarar.[2]
Remove ads
Sendinga
Programmet opna med ein kortfilm med bilete av det moderne Irland. Deretter blei 40-årsjubileet til Eurovision Song Contest markert med ein fire minuttar lang kavalkade frå historia til tevlinga. Etter kavalkaden kom programleiar Mary Kennedy gåande ned ein lyssett trappekonstruksjon som blei avdekka ved å trekkje bort to store sceneteppe. Anført av fyrverkeri og eit jublande publikum i Point Theatre, ønskte Kennedy sjåarane og dei 3 000 publikummarane i salen velkomen på irsk, fransk og engelsk.
Dette var tredje året på rad at Irland arrangerte finalen, eit faktum Kennedy ikkje lot gå umerka hen då ho ønskte velkommen på følgjande måte: «RTÉ er glade for – igjen – å kunne ønske deg velkommen til Point Theatre, til det som nærmast har blitt den årlege Eurovision Song Contest frå Irland!»[4]
Konsertorkesteret til RTÉ, under leiing av Noel Kelehan, akkompagnerte de 23 deltakarlåtane. Startrekkjefølgja var avgjord ved loddtrekking, og Polen starta, medan Hellas avslutta. Noreg trekte startnummer fem. Kvart bidrag blei introdusert med ein såkalla postkortfilm som viste artisten frå det respektive landet på ulike stader i Irland.
Det var stor spennvidde i sjanger blant deltakarlanda dette året, frå Noreg sin keltisk-inspirerte instrumentallåt, til ordinære poplåtar, balladar og til hiphop-låten «Love City Groove» frå Storbritannia. Dette var fyrste gongen hiphop og rap var representert i Eurovision Song Contest. Det britiske bidraget enda på ein tiandeplass.
Etter at dei 23 landa hadde framført sine bidrag, presenterte programleiar Mary Kennedy pausenummeret Lumen. Innslaget var ein musikkmedley der fleire kjende irske artistar deltok, blant anna gruppa Clannad og songaren Brian Kennedy som sjølv skulle representere Irland i tevlinga elleve år seinare.
To tidlegare irske vinnarar, Dana (1970) og Johnny Logan (1980 og 1987), var blant gjestene i salen. Logan hadde også bursdag på denne dagen, noko som enda med at publikum song bursdagssongen for han, akkompagnert av det irske konsertorkesteret.
Det norske bidraget

Det norske bidraget, «Nocturne», blei framført av gruppa Secret Garden. Songen var komponert av frontfiguren i Secret Garden, Rolf Løvland. NRK hadde invitert Løvland til å sende inn eit bidrag til den norske finalen. Resultatet blei «Nocturne», ein song som skilde seg ut ved å vere nærmast instrumental. Teksten bestod av berre 24 ord, skrivne av Petter Skavlan. Dette året arrangerte NRK semifinaleduellar i forkant av finalen, og «Nocturne» klarte med hårfin margin å kvalifisere seg til finalen 1. april. I finalen vann songen ein klar siger.
Utdjupande artiklar for dette emnet er Melodi Grand Prix 1995 og Nocturne av Secret Garden.
Secret Garden består av Rolf Løvland og den irske musikaren Fionnuala Sherry. Både i den norske og internasjonale finalen var duoen forsterka med songaren Gunnhild Tvinnereim, kjend frå Oslo Gospel Choir, fløytespelaren Hans Fredrik Jacobsen og den svenske harpespelaren Åsa Jinder. Geir Lanslet dirigerte for Noreg.
Annette Groth kommenterte finalen for NRK Fjernsynet, medan Stein Dag Jensen og Jahn Teigen kommenterte for NRK P1.[5][6] Sverre Christophersen las dei norske jurypoenga for 18. og siste gong. Christophersen las dei norske jurypoenga for fyrste gong i 1964 og kommenterte også Eurovision Song Contest i 1966, 1969 og 1971.[7] Det norske bidraget fekk til saman 148 poeng og vann Eurovision Song Contest med god margin. Dette var den andre sigeren til Noreg, og Rolf Løvland, i tevlinga. Den fyrste kom i 1985, då Bobbysocks vann med «La det swinge».
Avrøysting og resultat
Kvart land hadde ei jurygruppe med 16 medlemmar mellom 16 og 60 år som dømde songane frå dei andre landa med poeng frå 1 til 5. Deretter summerte jurysekretæren saman poenga. Songen som fekk flest jurypoeng, blei tildelt 12 poeng frå den nasjonale jurygruppa. Andreplassen fekk 10, tredjeplassen 8, fjerdeplassen 7 og så vidare ned til tiandeplassen som fekk 1 poeng. Altså gav kvar jurygruppe 12, 10 og 8–1 poeng til sine ti favorittsongar. Det var ikkje lov å røyste på bidraget frå sitt eige land. Oppsynsmann for avrøystinga var Christian Clausen frå EBU. Deltakarlanda hadde kvar sin talsperson som las opp poenga frå den nasjonale jurygruppa via satellitt på direkten under avrøystinga.
Skandinavia skulle vise seg å gjere det sterkt i tevlinga. Sverige tok ei klar leiing tidleg i avrøystinga, men både Noreg og Danmark tok etter kvart innpå. Etter at sju land hadde gjeve poeng, leia Sverige med 54 poeng, medan Noreg hadde 51 og Danmark hadde 49 poeng. Då ti land hadde røysta, leia Noreg med 67 poeng, mot Sverige sine 63 og Danmark sine 62. Etter dette byrja Norge å dra i frå, medan Spania rykka opp til ein andreplass. Til slutt var den norske leiinga så stor at ingen kunne ta igjen «Nocturne». Noreg vant til slutt komfortabelt med 148 poeng – 29 poeng meir enn Spania. Sverige blei nummer tre, medan Danmark enda på femteplass. Det norske bidraget fekk tolv poeng frå seks land: Hellas, Island, Polen, Portugal, Russland og Tyrkia.
På førehand var vertsnasjonen Irland blant favorittane, men det irske bidraget blei berre nummer 14 av 23 – ei av dei svakaste plasseringane til Irland til då. Pressa spekulerte på om den irske kringkastaren, RTÉ, hadde plukka ut en dårlegare song dette året for å sleppe å arrangere tevlinga for fjerde gongen på rad. Spekulasjonane har aldri blitt korkje stadfesta eller avkrefta.[8] Irland fekk likevel ein indirekte siger, sidan fiolinisten i Secret Garden, Fionnuala Sherry, er irsk. Irland skulle i tillegg vinne tevlinga på ny det påfølgjande året.
Remove ads
Den andre norske sigeren
På førehand var Sverige, Slovenia, Irland og Spania dei store favorittane til å vinne, ifølgje britiske og irske veddemålsbyrå.[9] Noreg var rekna som ein utfordrar og låg på femte-, sjetteplass og heilt nede på tiandeplass dagen før finalen.[10] «Nocturne»-komponisten og frontfiguren i Secret Garden, Rolf Løvland, var derimot langt meir sikker på siger. På finaledagen laurdag 13. mai gjekk ein sigersikker Løvland ut i Aftenposten og VG og nærmast garanterte norsk siger. «Norge vinner! Det er helt sikkert. Grunnen er at vi har den beste melodien», sa Løvland til VG. Han hadde same «gode følelse» som i 1985, då han og Bobbysocks vann tevlinga med «La det swinge».[11]
Løvland fekk også rett, for Noreg vann med 148 poeng – inkludert 12 poeng frå seks land. Dette var den andre sigeren til Noreg, og han braut kjeda av irske sigrar som hadde strekt seg over tre år: 1992, 1993 og 1994.
« | La dagen få sin hvile nå Og natten vil våke for den Nocturne Se mørket må engang forgå Så natten kan føde en dag |
» |
Den norske vinnarsongen var kontroversiell fordi han var nærmast instrumental. Refrenget bestod av berre 24 ord, noko som fekk blant anna Belgia og Sverige til protestere.[12] Svenskane hadde på førehand hatt store forventningar til at Jan Johansen og songen «Se på mig» skulle vinne. I staden enda Sverige på tredjeplass, og svensk presse uttrykte stor misnøye etter den norske sigeren. Den svenske jurygruppa gav heller ingen poeng til «Nocturne». Den svenske avisa Aftonbladet meinte vinnarlåten aldri ville bli nokon hit. «Kor skal man spele han? Det er mogleg at han kanskje blir eit populært innslag i gravferd», skreiv kommentator i Aftonbladet Annika Sundbaum-Melin.[13] Andre svenske aviser kalla sigeren ein «parodi» og «skandale».[14]
Nokre dagar etter finalen hevda også det belgiske gatebandet Meghan at «Nocturne» var eit plagiat av bandets eigen melodi «Fantasia». Men det belgiske bandet var delt i synet på om det verkeleg dreidde seg om plagiat, og Meghan forfølgde aldri saka.[15] Tysdagen etter finalen avviste EBU også protestane frå Belgia og Sverige, og «Nocturne» blei ståande som vinnar av tevlinga.[16]
Remove ads
Deltakarar
Liste over deltakarane og det offisielle resultatet.[17] Tabellen er rangert etter startrekkjefølgje, plasseringa og poengsummen er i kolonnane til høgre.
Startnr. | Land | Artist | Song | Språk | Plass | Poeng |
---|---|---|---|---|---|---|
01 | ![]() |
Justyna Steczkowska | «Sama» | Polsk | 18 | 15 |
02 | ![]() |
Eddie Friel | «Dreamin'» | Engelsk | 14 | 44 |
03 | ![]() |
Stone og Stone | «Verliebt in dich» | Tysk | 23 | 1 |
04 | ![]() |
Davorin Popović | «Dvadeset prvi vijek» | Bosnisk | 19 | 14 |
05 | ![]() |
Secret Garden | «Nocturne» | Norsk | 1 | 148 |
06 | ![]() |
Filipp Kirkorov | «Kolybelnaja dlja vulkana» (Колыбельная для вулкана) |
Russisk | 17 | 17 |
07 | ![]() |
Bo Halldórsson | «Núna» | Islandsk | 15 | 31 |
08 | ![]() |
Stella Jones | «Die Welt dreht sich verkehrt» | Tysk | 13 | 67 |
09 | ![]() |
Anabel Conde | «Vuelve conmigo» | Spansk | 2 | 119 |
10 | ![]() |
Arzu Ece | «Sev!» | Tyrkisk | 16 | 21 |
11 | ![]() |
Magazin og Lidija Horvat-Dunjko | «Nostalgija» | Kroatisk | 6 | 91 |
12 | ![]() |
Nathalie Santamaria | «Il me donne rendez-vous» | Fransk | 4 | 94 |
13 | ![]() |
Csaba Szigeti | «Új név a régi ház falán» | Ungarsk | 22 | 3 |
14 | ![]() |
Frédéric Etherlinck | «La voix est libre» | Fransk | 20 | 8 |
15 | ![]() |
Love City Groove | «Love City Groove» | Engelsk | 10 | 76 |
16 | Tó Cruz | «Baunilha e chocolate» | Portugisisk | 21 | 5 | |
17 | ![]() |
Aléxandros Panají | «Sti fotiá» (Στη φωτιά) | Gresk | 9 | 79 |
18 | ![]() |
Jan Johansen | «Se på mig» | Svensk | 3 | 100 |
19 | ![]() |
Aud Wilken | «Fra Mols til Skagen» | Dansk | 5 | 92 |
20 | ![]() |
Darja Švajger | «Prisluhni mi» | Slovensk | 7 | 84 |
21 | ![]() |
Liora | «Amen» (אמן) | Hebraisk | 8 | 81 |
22 | ![]() |
Mike Spiteri | «Keep Me in Mind» | Engelsk | 10 | 76 |
23 | ![]() |
Elína Konstantopoúlou | «Pia prosevkhí» (Ποια προσευχή) | Gresk | 12 | 68 |
Remove ads
Poengtavle
Tavla er ordna etter røysterekkjefølgja i finalen.[18]
12 poeng
Kvart land gav 12 poeng til sin favoritt. Under er ei oversikt over alle 12-poengarane som blei gjevne under avrøystinga.
Remove ads
Dirigentar
Mens Noel Kelehan var sjefdirigent, hadde dei fleste landa med sin eigen dirigent. Under er ei liste over dirigentane til deltakerlanda, lista etter startrekkjefølgja.[19]
Polen – Noel Kelehan
Irland – Noel Kelehan
Tyskland – Hermann Weindorf
Bosnia-Hercegovina – Sinan Alimanović
Noreg – Geir Langslet
Russland – Mikhail Finberg
Island – Frank McNamara
Austerrike – Michael F. Kienzl
Spania – Eduardo Leyva
Tyrkia – Melih Kibar
Kroatia – Stipica Kalogjera
Frankrike – Michel Bernholc
Ungarn – Miklós Malek
Belgia – Alec Mansion
Storbritannia – Mike Dixon
Portugal – Thilo Krassman
Kypros – Jórgos Theofánous
Sverige – Anders Berglund
Danmark – Frede Ewert
Slovenia – Jože Privšek
Israel – Gadi Goldman
Malta – Ray Agius
Hellas – Kharis Andreadis
Remove ads
Kommentatorar og poengopplesarar
Poengopplesarar
Kvart land hadde ein talsperson som las opp poenga frå sitt lands jurygruppe på engelsk eller fransk over satellitt.[20] Under er talspersonane i same rekkkefølgje som under avrøystinga.
Polen – Jan Chojnacki
Irland – Eileen Dunne
Tyskland – Carmen Nebel
Bosnia-Hercegovina – Diana Grković-Foretić
Noreg – Sverre Christophersen
Russland – Marina Danielian
Island – Áslaug Dóra Eyjólfsdóttir
Austerrike – Tilia Herold
Spania – Belén Fernández de Henestrosa
Tyrkia – Ömer Önder
Kroatia – Daniela Trbović[21]
Frankrike – Thierry Beccaro[22]
Ungarn – Katalin Bogya
Belgia – Marie-Françoise Renson[22]
Storbritannia – Colin Berry[23]
Portugal – Serenella Andrade
Kypros – Andréas Iakovídis
Sverige – Björn Hedman[24]
Danmark – Bent Henius[25]
Slovenia – Miša Molk
Israel – Daniel Pe'er
Malta – Stephanie Farrugia
Hellas – Fotini Giannoulatou[26]
Kommentatorar og sendingar
Dei fleste landa som overførte finalen, hadde kommentatorar som formidla informasjon og hendingar direkte til sjåarane. Oversikt over kommentatorar under Eurovision Song Contest 1995:[27]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads