Mon amour
song frå 2023 av Slimane From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Mon amour» (norsk omsetjing 'min kjære') er ein popballade frå 2023 med den franske songaren og låtskrivaren Slimane. Songen er komponert av artisten sjølv saman med låtskrivarane Yaacov Salah og Meïr Salah. Songen blei kommersielt gjeven ut 8. november 2023 og var det franske bidraget i Eurovision Song Contest 2024 i Malmö i Sverige.[3]
Remove ads
Om sangen
«Mon amour» er komponert av Slimane sjølv saman med Yaacov Salah og Meïr Salah.[4] Slimane skreiv teksten til songen, som blei til under ein musikkturné i 2022. Songen er inspirert av opplevingane til artisten i den sveitsiske byen Genève, og Slimane har kalla songen for eit «kjærleiksbrev til europeiske hjarte».[5][6]
Slimane sende «Mon amour» inn til den franske uttakinga til Eurovision Song Contest 2024, og i november 2023 kunngjorde France Télévisions at dei hadde vald låten til å representere Frankrike i Eurovision Song Contest 2024. Som eit av «dei fem store landa» i Eurovision Song Contest, var Frankrike direktekvalifisert til finalen laurdag 11. mai 2024.[7][8] I finalen enda «Mon amour» på fjerdeplass med 445 poeng.[9][10]
Remove ads
Listeplasseringar
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads