Move av The Mamas
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Move» er ein gospel-popsong frå 2020 med det svensk-amerikanske gruppa The Mamas. Songen vart fyrste gong framført 1. februar 2020 under den fyrste delfinalen i den svenske Melodifestivalen. Songen kvalifiserte seg til finalen i Stockholm 7. mars 2020, og vann til slutt heile tevlinga. Med sigeren skulle «Move» ha vore det svenske bidraget i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[1]
Remove ads
Om songen
«Move» er skriven av Melanie Wehbe, Patrik Jean og Herman Gardarfve, og vart skriven til gospel-soul-gruppa The Mamas. Gruppa kora på «Too Late for Love» med John Lundvik, som vann Melodifestivalen 2019 og til slutt vart nummer fem i Eurovision Song Contest same år.[2]
I november 2019 offentleggjorde Sveriges Television at «Move» var blant dei 28 låtane som var plukka ut til Melodifestivalen 2020. Songen var det fyrste bidraget på scena i den fyrste delfinalen i Linköping laurdag 1. februar 2020.[3] Der vann han delfinalen og kvalifiserte seg til finalen i Friends Arena i Stockholm laurdag 7. mars.[4]
I finalen var «Move» det tredje bidraget ut på scena, og då juryavrøystinga var over, låg han likt med Dotter og «Bulletproof». I telefonavrøystinga fekk «Move» marginalt flest røyster og vann til slutt Melodifestivalen med berre eitt poeng over «Bulletproof». Med sigeren vart «Move» det svenske bidraget til Eurovision Song Contest.[5]
«Move» skulle ha delteke i den fyrste semifinalen i Rotterdam Ahoy i Nederland tysdag 10. mai 2020. På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 såg EBU seg nøydt til å avlyse Eurovision Song Contest for å hindra spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen covid-19.[6] Songen fekk dermed aldri delteke i Eurovision Song Contest.
Remove ads
Listeplasseringar
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads