Muggsopp
From Wikipedia, the free encyclopedia
Muggsopp, mygl eller skimmel er små soppar som veks på overflater ved høg fukt og tilgang på næringsstoff. Dei veks som mycel og produserer vanlegvis store mengder sporar som dannar synlege koloniar.[1] Mugg ser vanlegvis ut som eit lòdent eller dunete lag og kan ha fargar som svart, kvitt, grønt, gult og raudt, avhengig av arten.


Mugg kan veksa på matvarer i og utanfor lukka behaldarar, også i kjøleskap. Dei er ikkje fotosyntetiske og treng ikkje sollys; faktisk kan sollys ofte drepa dei. Mugg treng organisk næring og fukt. Xerofile muggartar treng lite fukt.
Sjølv om mugg gjerne er eit teikn på byrjande nedbryting, blir lette muggartar kultiverte, m.a. i osteproduksjon og framstilling av antibiotika. Penicillin er eit velkjent antibiotikum som blir nytta medisinsk mot bakteriar, og som blir produsert av muggsopp.
Muggsopp kan forårsaka allergiske reaksjonar.
Nokre muggsopptypar kan gi alvorleg lungesjukdom, allergisk alveolitt.
Utviklinga til muggsopp

Oppbygging
Muggsoppane er fleircella organismar. Dei kan ha ulik form og har ofte namn etter utsjånaden. Dersom ein ser på muggsoppar i eit mikroskop, kan ein sjå mange lange trådar (hyfar). Hyfane lagar eit nettverk, mycel. Muggsoppen tek opp næringa igjennom hyfane. Han formeirar seg ved å danna sporar som blir spreidde ut i omgivnadene.
Muggsopp kan forårsaka allergiske reaksjonar, slik som hovudverk, trøyttleik og fleire såkalla «inneklimasjukdommar».
Visse muggsopptypar kan gje alvorleg lungesjukdom.
Vekst
Muggsoppen veks best i 20–30 °C, men dei kan også veksa og formeira seg i kjøleskapstemperatur. Nokre artar kan veksa heilt ned til –10 °C. Dei kan ikkje veksa/leva i temperaturar over 60 °C, men sporene døyr ikkje før 70 °C, nokre kan til og med overleva endå høgare temperaturar. Helsefarlege mykotoksin frå muggsopp blir ikkje alltid brotne ned ved koking på 100 °C.
Muggsoppane er aerobe, og veks for det meste på overflata av matvarene, men enzym frå overflateveksten trengjer inn i matvara.
Muggsopp trivst best når det er fukt til stades, men kan også veksa i tørre miljø. Dei trivst best i eit svakt surt miljø, men formeirar seg også ved pH-verdiar heilt ned mot 2 Derfor er ofte muggsopp grunnen til at syrna produkt blir uetande.
Skadeverknader av muggsopp
Utsette matvarer
Matvarer som er spesielt utsette for muggsopp er frukt, nøtter, korn, syltetøy, grønsaker, surmjølkprodukt, brød og nokre kjøttprodukt. Korn, nøtter, kornprodukt og belgfrukter er også utsette for muggartar som dannar myktoksin. Dette er særleg eit problem ved utilstrekkeleg tørking eller lagring under fuktige forhold. Gifttypen kan også opptre i kjøtt og innmat frå dyr som har fått det i seg gjennom foret.
Oppbevarer ein maten kjølig og i tett emballasje er det lettare å unngå mugg. Tørre matvarer blir oppbevarte tørt. Konserveringsmiddel er viktige i industrielt omarbeidde matvarer for å unngå mugg.
Muggsopp kan gjera mat uetande og helsefarleg. Dei farlege muggsoppane produserer giftstoff (myktoksin) som kan spreia seg til heile matvara, avhengig av konsistensen. Slike giftstoff kan framkalla alvorleg sjukdom både akutt og på lang sikt. Det kan vera vanskeleg å identifisera myktoksin i enkelte typar mat, t.d. mjøl frå fuktig korn.

Muggsopp i bygningar
Fuktskadar i bygningar vil vanlegvis gje muggoppvekst. Dette kan føra til store helseproblem. Allergikarar og astmatikarar er mest utsette på grunn av det høge nivået muggsoppsporar i svevestøvet. I tillegg til sporar, produserer enkelte muggsoppartar mykotoksin. Luftvegsirritasjonar, augeirritasjonar og unormal trøyttleik er dei vanlegaste plagene i innemiljø med fuktskade. Enkelte personar opplever at plagene aukar i fuktig vêr. Kjellaraktig lukt og synleg fukt er gode indikasjonar på muggsopp, men ikkje alle soppartar gjev frå seg lukt. Dyrkingstestar av svevestøvet er truleg den sikraste måten å påvisa om det er muggsopp i innelufta.
For å fjerna muggsopp i innemiljøet må ein løysa det underliggjande fuktproblemet. Fuktproblem kan ha mange årsaker, som vassinntrenging gjennom kjellarmuren, lekkasje frå tak, lekkasjar frå vassrøyr og kondens mot kalde flater i konstruksjonar med låg isolasjonsevne. Den svenske Slöjd- och byggnadsvårdsföreningen har skildra kva slags materiale og konstruksjon som trengst for å sørgja for god utlufting ved bygging og etterisolasjon av bygningar, for å motverka fuktproblem.[2]
Etter at fuktproblemet er løyst, må alt mugg- og ròteskadd materiale, inkludert isolasjon, skiftast ut. Overflatesopp kan prøvast fjerna med hydrogenperoksid eller mindre miljøvennleg klor. Ved fortsette allergiplager etter muggsanering, kan det vera nødvendig å ozonbehandla bygningen for å bryta ned luktstoff og mykotoksin som har festa seg til porøse overflater, møblar, tekstil, o.l. Det er ikkje dokumentert at slik kjemisk behandling har nokon positiv helseeffekt.
Muggsopp i arkiv
Muggsopp i arkiv kan vera eit alvorleg problem både for sjølve arkivmateriale og for personar som handterer det. Muggsopp på papirarkiv gjev kosmetiske endringar (misfarging mm.), bryt ned strukturen til papiret og forkortar levetida til papiret.
Gjennom førebyggjande konservering er det mykje ein kan gjera for å førebyggja at det oppstår muggproblem i eit arkiv. Målet med førebyggjande konservering er å forhindra eller redusera nedbrytinga av materialet. Frå ståstaden til ein arkivinstitusjon vil kontroll med materialet i alle ledd, frå eige arkivlokale, ved deponering/mottak (slik at ein ikkje tek mugginfisert materiale inn i magasinet) og under oppbevaring i arkivdepot, vera det optimale. For å oppnå dette trengst det kunnskap, opplæring og klare rutinar.
Den norske Arkivforskriften stiller krav om at arkivlokalet skal gje arkivmaterialet vern mot vatn, fukt og påverknad av klima og miljø, at det skal vera stabilt klima i lokalet, og at det skal ha fast tilsyn og reinhald.
Nyttiggjering av muggsopp

Matproduksjon
Innan matproduksjon kan ein nytta mugg til å få ein spesiell smak eller konsistens på visse matvarer. Muggsopp blir mellom anna brukt i produksjonen av nokre typar ost. Til dømes blir muggsoppen smurd på overflata av kvitmuggost. Enzyma som muggsoppen skil ut er nødvendige for mogninga av osten.
Legemiddel
Nokon typar muggsopp produserer antibiotikum. Det best kjende av desse er penicillin, som blir produsert av muggsoppen Penicillium chrysogenum.
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.