My Love av Paul McCartney & Wings
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«My Love» er ein kjærleikssong skriven av Paul McCartney til den første kona si, Linda. Snogen kom ut 23. mars 1973 og balladen vart ein stor hit. Han låg fire veker på toppen av den amerikanske Billboard Hot 100-lista,[1][2] og varr den mest suksessrike songen på Paul McCartney- og Wings-albumet Red Rose Speedway (1973).
Remove ads
Innspeling
Songen vart spelt inn live med eit orkester i Abbey Road Studios med Richard Hewson som dirigent. I følgje Hewson brukte gjorde dei mange opptak av songen, sidan gitarsoloen var forskjellig kvar gong.[3][4]Gitarsoloen vart spelt av den nordirske gitaristen Henry McCullough, som då var medlem av Wings.
Medverkande
Salslister
«My Love» vart òg gjeven ut på singel i mars 1973 og nådde toppen av den amerikanske Billboard Hot 100 og niandeplassen på UK Singles Chart.[5][6] Songen nådde òg toppen av Easy Listening-lista og låg der i tre veker.[7] Billboard rangerte songen på femteplassen for 1973-lista deira. Singelen selde til gullplate i USA for over ein million selde eksemplar.[8]
Musikkvideo
Det vart laga ein promoteringsvideo for songen der bandet er omgjeve av røyk i ein hybel med takvindauge. Denne videoen nyttar eit anna vokalopptak av McCartney. Seinare utgåver av denne videoen bruker den same vokalen som på albumet.
Andre utgjevingar
Songen er sidan gjeven ut på fleire andre album:
Studioversjonen
- Wings-albumet Wings Greatest (1978)
- Paul McCartney-albumet All the Best! (1987)
- Paul McCartney-albumet Wingspan: Hits and History (2001)
- Paul McCartney-albumet Pure McCartney (2016)
Konsertopptak
- Wings over America (1976)
- Back in the World (2002)
- Good Evening New York City (2009).
Andre versjonar
«My Love» har blitt spelt av mange andre artistar, som Nancy Wilson, Johnny Gill, Cher, Brenda Lee, Cass Elliott, Margie Joseph, Salena Jones, Mina, Shinehead, Andy Williams, Warren Hill og Dottie West. Det finst òg instrumentale versjonar av Ivan «Boogaloo Joe» Jones, Pieces of a Dream (frå albumet The Best Of Pieces of a Dream),[13] og Michael Lington (frå Stay With Me i 2004).[14][15]
Harry Connick Jr. spelte inn songen på albumet The Art of McCartney i 2014.
Corinne Bailey Rae gav ut ein versjon av songen på The Love E.P. (2011).
I 1974 tok Lincoln Mayorga ein instrumentalversjon med på plata si Lincoln Mayorga & Distinguished Colleagues – Volume III, og kalla songen «The Perfect Song».
Ein instrumental av songen kan høyrast under bryllaupet til Monica og Chandler i den amerikanske situasjonskomedien Friends.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads