Live and Let Die av Wings

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Live and Let Die» er kjenningsmelodien til James Bond-filmen Live and Let Die frå 1973, skriven av Paul og Linda McCartney og framført av bandet til Paul McCartney, Wings. Det var ein av dei mest suksessrike singlane til bandet og ein av dei mest sukessrike James Bond-songane fram til då. Songen nådde andreplassen på den amerikanske Billboard Hot 100-lista og niandeplassen på UK Singles Chart.[2][3]

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Songen vart tinga og skriven spesifikt for filmen og tilskriven Paul og Linda McCartney, medan den tidlegare Beatles-produsenten George Martin, produserte både songen og arrangerte orkesterpartiet. Songen er blitt spelt av mange andre band sidan, som Guns N' Roses. Både McCartney- og Guns N' Roses-versjonen vart nominerte til Grammy-prisen. I 2012 fekk McCartney Million-Air-prisen frå Broadcast Music, Inc. (BMI), for meir enn fire millionar framføringar av songen i USA.[4]

Remove ads

Innspeling

Wings spelte inn «Live and Let Die» under innspelinga av albumet Red Rose Speedway,[1] i oktober 1972.[5] Songen vart spelt inn i A.I.R. Studios, med Ray Cooper på perkusjon.[6]

Utgjeving

«Live and Let Die» vart gjeven ut i samband med eit fjernsynsprogram i 1973 om Paul McCartney, som gjekk 16. april 1973 i USA og 10. mai i Storbritannia. Her kan ein sjå McCartney og Wings framføre songen i studio, i lag med klipp av filmen som kom på kino den 27. juni.[7]

Singelen nådde andreplassen i USA og niandeplassen i Storbritannia.[8][9] Singelen selde til gullplate i USA for over ein million selde eksemplar.[10]

Etter 11. september-åtaka hamna songen på lista til Clear Channel over songar som ikkje høvde seg å spele på radio.[11]

Remove ads

Medverkande

Salslister

Meir informasjon Liste (1973), Plassering ...


Remove ads

Guns N' Roses-versjonen

Meir informasjon A-side, B-side ...

«Live and Let Die» vart gjeven ut som den andre singelen frå Use Your Illusion I. Det vart laga ein musikkvideo i november 1991 der bandet spelar live på scenen og syner gamle bilete. Videoen vart laga kort tid før Izzy Stradlin slutta, og det er den siste videoen han er med i. Songen nådde 20. plassen på Mainstream Rock-lista.[24] Songen vart nominert til beste hardrock song under Grammyprisutdelinga i 1993.[25]

Salslister

Vekeslister
Meir informasjon Liste (1991), Plassering ...
Årslister
Meir informasjon Liste (1992), Plassering ...

Innhald

  1. «Live and Let Die» – 2:59
  2. «Live and Let Die» (Live) – 3:37
  3. «Shadow of Your Love» (Live) – 2:50

Medverkande

Guns N' Roses

Andre medverkande

  • Shannon Hoon – korvokal
  • Johann Langlie – programmering
  • Jon Thautwein – horn
  • Matthew McKagan – horn
  • Rachel West – horn
  • Robert Clark – horn
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads