Nadine av Chuck Berry
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Nadine» - òg kjend som «Nadine - Is It You?» er ein song skriven og framført av Chuck Berry. Han vart gjeven ut på singel i februar 1964 og var den første musikken Berry gav ut etter han hadde sete i fengsel ei stund.
Remove ads
Komposisjon
Etter at han i desember 1959 vart arrestert for brot mot Mann Act, vart Berry etter kvart dømd til eit og eit halvt år i fengsel, frå februar 1962 til oktober 1963. Han hadde ikkje gjeve ut ein singel sidan «Come On» i oktober 1961.
«Nadine» vart spelt inn i november 1963 i Chess studio i Chicago, som den første innspelinga etter han kom ut av fengsel. Ein annan song frå innspelinga, «You Never Can Tell», kom òg ut på singel.[1]
Songen liknar den første hitten til Berry, «Maybellene», med ein liknande tekst om å følgje etter ei jente. «Nadine» blir forfølgd til fots og i ein taxi og ikkje i bil som i «Maybellene».[1]
Remove ads
Lister
Songen kom ut i februar 1964 med B-sida «O Rangutang».[2] Singelen nådde 23. plassen på Billboard Hot 100, sjuandeplassen på R&B-lista og 27. plassen på UK Singles Chart.
Andre versjonar
Songen er òg blitt spelt inn av mange andre artistar, som John Hammond jr., Waylon Jennings, Billy Boy Arnold, Dion, George Thorogood, New Riders of the Purple Sage, Juicy Lucy, Dire Straits, Michael Nesmith, Motörhead, Dicky Lee, Stan Ridgway og The Seldom Scene.[3]
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads