Nebulossa
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Nebulossa (spansk uttale: [neβuˈlosa]) er ein spansk elektropop-duo frå Ondara,[1][2] som består av vokalist María «Mery» Bas og keyboardist og produsent Mark Dasousa.[3]
Nebulossa vann Benidorm Fest 2024 med songen «Zorra» og representerte Spania i Eurovision Song Contest 2024.
Remove ads
Liv og virke
Nebulossa blei skipa i 2018. Duoen består av ekteparet María «Mery» Bas (vokalist) og Mark Dasousa (keyboardist og produsent).[4] Paret har vore gift i over 20 år og har to barn saman.[4]
Namnet på gruppa spelar på det spanske ordet for stjernetåke, nebulosa, fordi dei på ein tur til Port Ainé drog til eit astronomisk observatorium der dei heila tida nemnde dei. Den doble s-en i bandnamnet er eit symbolsk referanse til det katalanske språket der mange ord brukar denne skrivemåten.
I 2022 deltok Nebulossa, som ein trio saman med Ophelia Alibrando, i Una voce per San Marino 2023, den sanmarinske uttakinga til Eurovision Song Contest 2023, men gjekk ikkje vidare frå auditionrundane.[5][6] I 2024 deltok Nebulossa i Benidorm Fest 2024, den spanske uttakinga for Eurovision Song Contest 2024, med songen «Zorra».[7][8] Duoen kvalifiserte seg frå semifinalen og vann til slutt finalen laurdag 3. februar 2024.[9][10] Som følgje av sigeren representerte duoen Spania i finalen av Eurovision Song Contest laurdag 11. mai 2024 i Malmö.[11] I finalen enda Nebulossa og «Zorra» på 22. plass med 30 poeng.[12][13]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads