Neck and Neck

studioalbum av Chet Atkins og Mark Knopfler From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Neck and Neck er eit samarbeidsalbum av den amerikanske gitaristen Chet Atkins og den britiske songaren og gitaristen Mark Knopfler, gjve ut 9. oktober 1990 av Columbia Records. «Poor Boy Blues» vart gjeven ut som singel, og i 1991 vann albumet Grammy-prisen for beste countrysamarbedi med vokal. Det same året vann «So Soft Your Goodbye» ein Grammy-pris for beste countryinstrumental.[2]

Meir informasjon Chet Atkins-samarbeid-kronologi, Mark Knopfler-kronologi ...

Atkins spelte opphavleg inn «Yakety Axe», ein parodi av Boots' Randolph sin «Yakety Sax», i 1965 på albumet More of That Guitar Country. Denne nye innspelinga er med tekst og eit nytt arrangement som vart skriven av Merle Travis. Atkins har òg tidlegare spelt inn «I'll See You in My Dreams» på eit album med Merle Travis.

Remove ads

Mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

I meldinga si for AllMusic gav Stephen Thomas Erlewine albumet fire av fem stjerner og kalla det «det mest fokusert og utan tvil mest gjevande innspelinga Atkins har gjeve ut».[2] Erlewine peika på innverkanden Knopfler hadde hatt på albumet med den legendariske gitaristen:

« Å arbeide med Dire Straits-gitarist Mark Knopfler hadde ein foryngande innverknad på Chet Atkins. Knopfler fekk Atkins til å gå mot countryrøtene sine, men begge gitaristane spelar med ein smakfull, jazzaktig kjensle, men Atkins gjekk her bort frå dei openberre jazzfusion-pretensjonane som øydela dei fleste av platene hans i 80-åra.[2]  »

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Medverkande

Musikk
Produksjon
  • Mark Knopfler – produsent
  • Mike Poston – lydteknikar
  • Guy Fletcher – lydteknikar
  • Vanelle – assisterande lydteknikar
  • Ron Eve – assisterande lydteknikar
  • Bill Schnee – mikslydteknikar
  • Doug Sax – mastering på The Mastering Lab i Los Angeles
  • Alan Yoshida – mastering på The Mastering Lab i Los Angeles
  • Deborah Feingold – fotografi[3]

Lister

Album

Meir informasjon Liste (1990), Plassering ...

Singlar

Meir informasjon År, singel ...

Fotnotar

  1. Paroditekst skriven av Margaret Archer, Chet Atkins og Mark Knopfler.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads