Neon Lights av Simple Minds
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Neon Lights er eit studioalbum med coverversjonar av det skotske rockebandet Simple Minds, gjeve ut i oktober 2001.
Remove ads
Oversyn
Neon Lights er ei samling coverversjonar sett saman som ei oppvarming for det som kom til å bli det neste albumet deira, Cry (2002). Jim Kerr sa om albumet då det kom ut: «Neon Lights er første gongen Simple Minds har sett saman ei samling av ikkje-originale songar. Men tenkte det passa seg å sjå attende på sjølve grunnlaget til Simple Minds, som sjølvsagt er musikken og banda som inspirerte oss.»[4]
Remove ads
Bakgrunn
Etter det førre albumet deira, Our Secrets Are the Same, vart lekt på Internett av ein DJ i Spania, og Simple Minds måtte gå frå EMI, trekte dei seg delvis attende. Frontmannen Jim Kerr flytta til Italia for å starte eit hotell. Her kom ei rekkje unge, italienske artistar til han for å spørje han om råd. Dette overtydde etter kvart bandet om å ta opp tråden att.[5]
Dei signerte ein avgrensa kontrakt med Eagle Records. For å hjelpe bandet i gang att, valde dei å spele inn eit album med coverversjonar for å gje Simple Minds merksemd på ny, og Neon Lights vart resultatet.[5]
Remove ads
Innhald
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads