New av Paul McCartney
album av Paul McCartney From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
New er det 16. studioalbumet til Paul McCartney, gjeve ut 14. oktober 2013 i Storbritannia og dagen etter i USA. Albumet var det første albumet hans sidan Memory Almost Full 2007 med berre nye songar.[15]
Leiande produsent på albumet var Giles Martin, med produksjon av Martin, Mark Ronson, Ethan Johns og Paul Epworth. McCartney har sagt at New var inspirert av nylege hendingar i livet hans og minner frå tida før The Beatles. Ha la til at somme av arrangementa skil seg frå dei vanlege rockeinnspelingane hans og at han søkte etter yngre produsentar å arbeide med.[16] Han og konsertbandet hans heldt fleire konsertar for å marknadsføre albumet, i tillegg til hendingar på sosiale media. Det var det siste albumet til McCartney på Hear Music før han vendte attende til det gamle selskapet sitt, Capitol Records.
Den første singelen frå albumet, «New», og albumet fekk generelt god kritikk hos musikkskribentane. Albumet nådde tredjeplassen på UK Albums Chart og den amerikanske Billboard 200.
Remove ads
Innspeling
McCartney forhøyrte seg først med fire av produsentane han likte best for å velje ein av dei til å produsere albumet.[17] Men han enda opp med å spele med alle fire: Mark Ronson, Ethan Johns, Paul Epworth og Giles Martin.[15][17] Martin produserte dei fleste songane og fungerte som leiande produsent på albumet. Innspelingane fann stad i Henson Recording Studios i Los Angeles; Avatar Studios i New York; Abbey Road Studios, Air Studios og Wolf Tone Studios i London; og The Mill i East Sussex. Innspelinga starta i januar 2012 med Paul Epworth og fortsette i Abbey Road i februar-mars med andre songar spelte inn med Ethan Johns. Innspelingane med Ronson fann stad kring januar 2012 og fortsette i juli og så seinare i 2013. Songane produserte av Martin vart spelte inn i AIR Studios i mars 2013 og i Los Angeles, truleg den våren, i følgje forfattaren Luca Perasi.[18]
Remove ads
Mottaking
Albumet fekk generelt god kritikk av og på Metacritic fekk det ein samla score på 77 (av 100), basert på 31 meldingar.[4] I desember 2013 rangerte Rolling Stone albumet New som det fjerde beste i 2013.[19]
Albumet nådde tredjeplassen på både Billboard 200 og Billboard Canadian Albums i Nord-Amerika og selde 67 000 eksemplar i USA og 8 500 i Canada den første veka .[20] I mai 2016 hadde albumet selt 217 000 eksemplar i USA.[21] Albumet nådde topp fem i minst ti land og i Noreg gjekk albumet heilt til topps, for første gongen sidan Flowers in the Dirt i 1989.[22]
Remove ads
Innhald
Alle spor skrivne av Paul McCartney, utanom «Save Us», «Queenie Eye» og «Road» skriven av McCartney og Paul Epworth.
Medverkande
Frå plateomslaget[25]
- Paul McCartney – vokal (1–14), gitar (1–5, 8–11, 13, 14), bassgitar (1–4, 6, 8–13), perkusjon (2, 4, 5, 6, 10–13), synthesizer (2, 4, 10, 11, 13), celeste (2, 12), klokkespel (2), Play-Me-A-Song-bok (2), sigarboksgitar (3, 7), piano (4, 6, 8, 12), trommer (3, 7, 10, 11, 13), lap steel gitar (4), Mellotron (4, 6, 8, 11), ståbass (5), harmonium (5), cembalo (6), Wurlitzer piano (6, 10), bouzouki (6), klaverinstrument (7, 8, 12, 13), lydbandsløyfer (9, 10), røyrbjøller (13), ngoni, vaskebrett og fingerbøl (14)
- Rusty Anderson – gitar (2, 3, 5–8, 10, 11, 13), bouzouki (6, 7), korvokal (6, 7), vassflaske (14),
- Brian Ray – gitar (2, 3, 6–8, 13), dulcimer (5), korvokal (6, 7, 14), barytongitar (7), congatrommer (14)
- Paul Wickens – klaverinstrument (2), gitar (3), piano (3), trekkspel (3), korvokal (6), Hammondorgel (10)
- Abe Laboriel, Jr. – trommer (2, 6–8, 13), korvokal (5–7, 13, 14), djembe og basstromme (14)
- Toby Pitman – programmering (3, 7, 8, 10, 11), klaverinstrument (8, 11)
- Ethan Johns – trommer (5), perkusjon (5), iPad Tambora-app (9), gitar (13)
- Paul Epworth – trommer (1, 4, 12)
- Eliza Marshall, Anna Noakes – altfløyter (8)
- Giles Martin – tramping (8)
- McCartney Family Chorus (8)
- «On My Way to Work» og «Everybody Out There»: Cathy Thompson, Laura Melhuish, Patrick Kiernan, Nina Foster – fiolin; Peter Lale, Rachel Robsin – bratsj; Caroline Dale, Katherine Jenkinson, Chris Worsey – cello; Richard Pryce, Steve McManus – kontrabass
- «New»: Steve Sidwell – trompet; Jamie Talbot – tenorsaksofon; Dave Bishop – barytonsaksofon
Remove ads
Salslister og salstrofé
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads