Nivkhisk

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Nivkhisk eller giljakisk er eit isolert språk som blir snakka i Russland.

Kjappe fakta

Ved folketeljinga i Russland i 2010 vart det registrert 4652 medlemmer av den etniske gruppa som snakkar nivkhisk, men berre 198 menneske som snakka nivkhisk.[1] I 1989 var dei tilsvarande tala omkring 4673 medlemmer, men mindre enn ein firedel av desse hadde giljakisk som førstespråk.[2] Ei av dei viktigaste årsakene til dette er tvangsflytting av delar av folket, noko som har medført at mange har vorte isolert og dermed tek i bruk andre språk.

Remove ads

Dialektar

Nivkhisk er delt inn i fire dialektar, amur, nordsakhalinsk, sørsakhalinsk og austsakhalinsk. Skilnadene mellom amur og sakhalin er store.

Grammatikk

Nivkhisk er eit SOV-språk. Det har høg grad av inkorporering, eit trekk det delar med eskimoisk-aleutiske språk.

Fonologi

Meir informasjon Fremre, Bakre ...

Konsonantar

Meir informasjon Labial, Alveolar ...

Nivkhisk har også ein kompleks morfofonologi, t.d. vekslar lukkelydar med kontinuantar på suffiksgrensa.

Meir informasjon Aspirert ↔ ustemt, Uaspirert ↔ stemt ...

Døme:

  • /pəɲx/ 'suppe'
  • /pənraj vəɲx/ 'andesuppe'
  • /amsp vəɲx/ 'selsuppe'
  • men: /cxəf pəɲx/ 'bjørnesuppe'
Remove ads

Utviklinga av nivkhisk i det nivhkiske samfunnet

Sovjetisk og russisk statistikk[3] gjev følgjande tal for utviklinga av nivkhisk

Etniske nivkhar og prosentdel av dei nivkh-talande (tala i tabellen er for den sovjetiske perioden runda av til næraste hundre)

Meir informasjon År, Etniske nivkhar ...
Remove ads

Skriftspråk

Etter eit par forsøk på skriftfesting i 1880, fekk nivkhisk eit latinskbasert skriftspråk i 1931, i tråd med dåverande sovjetisk språkpolitikk. Det latinske alfabetet vart erstatta med kyrillisk i 1937.[4]

А а Б б В в Г г Ӷ ӷ Ғ ғ Ӻ ӻ Д д
Е е Ё ё Ж ж З з И и Й й К к К’ к’
Ӄ ӄ Ӄ’ ӄ’ Л л М м Н н Ӈ ӈ О о П п
П’ п’ Р р Р̌ р̌ С с Т т Т’ т’ У у Ў ў
Ф ф Х х Ӽ ӽ Ӿ ӿ Ц ц Ч ч Ч’ ч’ Ш ш
Щ щ ъ Ы ы ь Э э Ю ю Я я

I den nivkhiske amur-dialekta finst også bokstavane Ӷ ӷ, Ў ў, Ч’ ч’.

Remove ads

Kjelder

Bibliografi

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads