Waiting on a Friend
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Waiting on a Friend» er ein song av the Rolling Stones frå albumet Tattoo You frå 1981.
Remove ads
Historie
Songen vart først spelt inn så tidleg som 1970, då Mick Taylor først kom med i bandet, og vart spelt inn med Jagger i London. Innspelinga av «Waiting on a Friend» starta seint i 1972 og varte til tidleg i 1973 i Kingston på Jamaica, under innspelinga av Goats Head Soup. Mick Taylor var då framleis medlem av bandet, og gitaren hans er framleis med på innspelinga, som var ein av songane vald ut til Tattoo You i 1981 av produsent Chris Kimsey.
Teksten syner ei meir moden side av songaren Mick Jagger. Han snakkar om setje til sider kvinner og uvanar og gjere noko med livet og finne eit godt venskap:
« | Don't need a whore, I don't need no booze, don't need a virgin priest. But I need someone I can cry to, I need someone to protect | » |
Songen har mjuke gitarar, ein glatt rytme og Jagger som syng høge «doo-doo-doo» på refrenget. Stones leigde inn jazzsaksofonisten Sonny Rollins til å spele ein solo på songen. I tillegg spelar Nicky Hopkins piano.[1]
Remove ads
Utgjeving
Songen vart den andre singelen frå albumet etter «Start Me Up», og vart ein gjengangar på radio i USA, der han nådde 13. plass på singellista. Han gjorde det ikkje like godt i Europa, og nådde til dømes berre 50. plass på den britiske lista.
Ei konsertutgåve av songen finst på konsertalbumet No Security frå 1998.
Medverkande
Rolling Stones
- Mick Jagger – solo- og korvokal
- Keith Richards – rytmegitar, korvokal
- Mick Taylor – sologitar
- Bill Wyman – bassgitar
- Charlie Watts – trommer
- Ronnie Wood – korvokal
Andre medverkande
- Nicky Hopkins – piano
- Sonny Rollins – tenorsaksofon
- Michael Carabello – güiro, claves, cabasa og congas
Salslister
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads