Oh, Pretty Woman
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Oh, Pretty Woman» er ein song av Roy Orbison. Songen kom ut i august 1964 og vart ein verdsomfattande suksess for Orbison. Han vart spelt inn for Monument Records i Nashville i Tennessee, og var skriven av Roy Orbison og Bill Dees. Songen låg tre veker på toppen av Billboard Hot 100.[2] Billboard rangerte songen som den fjerde beste i 1964.[3] «Pretty Woman» var òg den tredje singelen som nådde toppen av UK Singles Chart, der han låg i tre veker.[4] Dei andre Orbison-singlane som gjekk til topps i Storbritannia var «Only the Lonely» i 1960 og «It's Over» tidlegare i 1964.[4] Songen var den einaste av Roy Orbison sine songar som nådde toppen av VG-lista i Noreg. Han låg på toppen av lista i fem veker hausten 1964.
Det var tre gitaristar med på innspelinga, Billy Sanford, Jerry Kennedy og Wayne Moss. Billy Sanford, som einare spelte for Elvis Presley og Don Williams og amgne andre, spelte gitaren i introen. Williams introduserte han som ein kar som nettopp hadde kome til Nashville, med ein lånt gitar, som hadde høyrt at Orbison mangla ein gitarist, og fekk jobben. Andre musikarar på innspelinga var Floyd Cramer på piano, Bob Moore på kontrabass, Boots Randolph og Charlie McCoy på saksofon, og Buddy Harman og Paul Garrison på trommer. Orbison spelte òg ein 12-strengs epiphone.
Singelen selde sju millionar eksemplar og vart høgdepunktet i karrieren til Orbison.[5] I løpet av få månader, i oktober 1964, hadde singelen seld til gullplate i USA.[6] Orbison vann posthumt Grammy-prisen i 1991 for konsertutgåva av sognen for HBO-sendinga Roy Orbison and Friends, A Black and White Night. I 1999 vart songen innlemma i Grammy Hall of Fame Award og i 2004 vart han med på lista til Rock and Roll Hall of Fame over 500 songar som forma rock and roll. I 2004 sette Rolling Stone songen på 222. plassen på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene (224. plass på den oppdaterte lista i 2010), og i 2012 rangerte Texas Music songen på sjuandeplassen på lista si over dei 50 beste klassiske Texas-songane.
Remove ads
Innhald
Teksten fortel soga om ein mann som ser ei vakker kvinne som går forbi. Han higar etter ho og lurar på, så vakker som ho er, om ho er like einsam som han er. I siste augneblink kjem ho attende til han.
Tittelen var inspirert av kona til Orbison, Claudette. Ein gong då Orbison og medlåtskrivaren hans, Bill Dees, sat og arbeidde kom ho inn for å fortelje at ho var på veg ut. Orbison spurte ho om ho trengde pengar, men ho skal då ha sagt: «A pretty woman never needs any money».[7] Kort tid etter, same dagen, var songen ferdig.
Remove ads
Lister og salstrofé
Lister
Remove ads
Andre versjonar
Songen har blitt spelt av mange andre artistar:
- I 1964 spelte Johnny Rivers inn songen på konsertalbumet In Action.
- I 1972 spelte Al Green inn songen på albumet I'm Still in Love With You.
- Victor Wood på albumet In Despair under Vicor Records.
- I 1976 gav Andy Kim ut ein versjon av songen på singel.
- I 1976 gav John Mellencamp ut ein versjon av songen på albumet Chestnut Street Incident, under namnet Johnny Cougar
- I 1978 gav Connie Francis ut versjonar både på engelsk og tysk, begge versjonar endra tittelen frå Pretty Woman til Lovin' Man. Utanom tittelendringa var den engelske teksten lik originalen.
- I 1982 vart songen – kalla «(Oh) Pretty Woman» – spelt av Van Halen på albumet Diver Down, med ein gitardriven intro kalla «Intruder». I musikkvideoen var bandet kledd som ein samurai, Tarzan, ein cowboy og Napoleon (frontmannen David Lee Roth). Dei reddar ei jente som syner seg å vere ein transvestitt. På grunn av dette vart videoen først bannlyst av MTV. Dette var den andre hitten deira på topp 20 i USA, med ein 12. plass som høgaste plasseringa på Billboard Hot 100.[24]
- I 1986 vart songen gjeven ut i ein ska-stil av the Holy Sisters of the Gaga Dada.
- Heavy metal-bandet Bad News spelte inn songen i 1987. Det fiktive bandet kunne berre dei første linjene av songen, og repeterer desse om att og om att.
- I 1990 spelte Ricky Van Shelton songen på RVS III.
- I 1990 spelte Alvin and the Chipmunks songen for Rockin' Through the Decades.
- I 1991 spelte Nokie Edwards ein instrumentalversjon av songen på konsert i Japan.
- Ray Brown jr. gav ut ein jazzaktig versjon av songen på albumet Stand by Me
- Rockapella har gjeve ut fleire versjonar av songen.
- The Boogie Bass (ein av dei mange variantane av Big Mouth Billy Bass) song ein parodi av «Oh, Pretty Woman» kalla «Pretty Fishy».
- Green Day har spelt songen på konsertane sine.
- Westlife har spelt songen under The Number Ones Tour.
- Sharleen Spiteri spelte songen på albumet The Movie Songbook
- Bon Jovi song songen i ei blanding med sine eigne songar på konsertar.
- Den 29. oktober 2009 song Bruce Springsteen og John Fogerty «Oh, Pretty Woman» i lag på ein konsert ved Rock N Roll Hall of Fame.
- Den sørafrikanske songaren Ray Dylan spelte inn songen for albumet Goeie Ou Country Vol. 2.[25]
- I november 2013 gav The Overtones ut songen på albumet Saturday Night at the Movies
Remove ads
I andre media
- Den originale Orbison-songen inspirerte til tittelen på filmen Pretty Woman frå 1990 med Richard Gere og Julia Roberts. Songen vart nytta i filmen. Filmen vart særs populær då han kom ut.
- Songen vart nytta i Bollywood-filmen Kal Ho Naa Ho i 2003.
- Songen er nytta i filmen Dum og dummere.
- Songen er med i den franske filmen La Cité de la Peur.
- Songen vert nytta i slutten av det japanske TV-dramet Attention Please, framført av Kaela Kimura-
- Van Halen-versjonen vart nytta i filmen Weird Science i 1985.
- Songen vart nytta i Chris Martin-episoden av Extras.
- Songen er nytta i den belgiske filmen De Helaasheid der Dingen. Filmen handlar om familien Strobbe som trur lukka deira er knytt til Roy Orbison, noko som fører til at dei følgjer comebackkonserten hans i 1988 med stor entusiasme.
- Songen er nytta i ein episode av Futurama sesong 3, kalla «The Cyber House Rules».
- Songen er spelbar i videospelet Band Hero. Det var òg mogeleg å laste ned ssongen for videospelet Rock Band.
- Songen er nytta i episoden «Frank's Pretty Woman» i It's Always Sunny in Philadelphia.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads