Oliver Heaviside

britisk matematikar, fysikar og ingeniør From Wikipedia, the free encyclopedia

Oliver Heaviside
Remove ads

Oliver Heaviside (fødd 18. mai 1850 i Camden Town i London, død 3. februar 1925 i Torquay i Devon i England) var ein autodidakt britisk fysikar, matematikar og elektroingeniør som utvikla teknikkar for bruk av laplacetransformasjon ved løysing av differensiallikningar og dermed bruk av komplekse tal ved utrekning av elektronisk kretsar, omformulerte maxwell-likninganevektorform og var med å grunnlegge vektoranalysen.

Kjappe fakta Fødd, Død ...

Han var tilsett i Great Northern Telegraph Co. i Newcastle, fram til 1874, då han slutta på grunn av stadig dårlegare høyrsle. Han levde resten av livet sitt i Devonshire, oppteke med teoretiske studium av elektromagnetisme. Han grunnla teorien for langdistanse-telefonering, gav viktige bidrag til forståing av den elektromagnetiske teorien til Maxwell.

Han var dessutan den første til å nemne og grunngjeve eksistensen av eit leiande sjikt i den øvre atmosfæren, Heaviside-laget, no oftast kalla ionosfæren.

Remove ads

Oppdagingar

Heaviside formulerte om maxwell-likningane slik at dei fekk den vektorformen som vert nytta i dag. Han laga Heavisidefunksjonen, som han nytta til å modellere straumen gjennom ein elektronisk krets.

Omgrep innan elektromagnetisme

Heaviside innførte namna på fleire omgrep innan magnetismen:

Prisar (utval)

  • 1922Faradaymedaljen

Sjå òg

  • Heavisides ekspansjonsregel

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads