Kringsetjinga av Tönning

From Wikipedia, the free encyclopedia

Kringsetjinga av Tönning
Remove ads

Under den store nordiske krigen vart festninga i Tönning (Tønning) i området Holstein-Gottorp, ein alliert av Det svenske imperiet, kringsett to gonger: Danmark-Noreg vart tvungen til å avslutte den første omleiringa i 1700, men ein samla styrke av koalisjonen mot Sverige klarte å kringsette og ta Tönning i 1713–1714.

Meir informasjon Slaget ved Tönning, Dato ...
Remove ads

1700

Den første omleiringa var ei av dei første militære handlingane i den store nordiske krigen. Danmark-Noreg, Sachsen-Polen-Litauen og Russland hadde vorte samde om å invadere Det svenske imperiet på tre frontar, og danske styrkar rykte derfor inn i Holstein-Gottorp,[1] som var allierte med slektskapsband til kongefamilien i Sverige.[2] Dei starta kringsettinga av Tönning i mars 1700.[1] Omleiringa vart avslutta då Karl XII av Sverige, med støtte frå Dei maritime maktene, i eit overraskande trekk sette ein arme utanfor København, og tvinga Fredrik IV av Danmark-Noreg ut av krigen med freden i Travendal den 18. august 1700.[3] Danmark kom først inn i krigen i igjen i 1709 som følgje av det svenske nederlaget i Poltava.[4]

Remove ads

1713–1714

Tidleg i 1713 vart styrkar frå Det svenske imperiet og Holstein-Gottorp kringsett av ein samla russisk og saksisk-polsk arme i ei lomme rundt Tönning. Den svenske styrken bestod av restane av den 16 000 mann store armeen til Magnus Stenbock som hadde brote ut av Stralsund-lomma, og ignorert ordre om å marsjere inn i Polen. Han slo ein dansk arme i slaget ved Gadebusch og følgde etter restane av dei inn i Holstein. Dei russiske og saksisk-polske allierte av Danmark sende 36 000 soldatar etter Stenbock.[5]

I februar 1713 braut den mindre hertugen Karl Fredrik av Holstein-Gottorp[6] den sjølvutnemnde nøytraliteten sin[7] og gav Stenbock vern og hjelpeutstyr ved festninga si i Tönning i vente på støtte frå Dei maritime maktene, slik dei hadde gjort i 1700. Dei maritime maktene blanda seg ikkje inn, og med framleis 9 000 mann att, gjekk Stenbock tom for forsyningar. Då matsituasjonen forverra seg og 2800 svenskar vart sjuke, overgav Stenbock seg den 16. mai 1713.[8]

Den 1600 mann sterke garnisonen frå Holstein i Tönning festning heldt ut[8] fram til 7. februar 1714.[9] Danske styrkar fekk total kontroll over Holstein-Gottorp etter ordre frå kongen den 13. mars 1713,[7] då dei siste lojale holsteinarane for Sverige vart fanga i 1715.[8] etter at Tönning overgav seg, vart festningsverka og palasset jamna jorda fram til 1735.[10]

Thumb
Görtz

Avgjersla til hertugen av Holstein-Gottorp om å opne Tönning for Stenbock samt å meklarverksemda under den svenske overgjevinga er tilskriven baron Georg Heinrich von Görtz, ein diplomat i hoffet til Karl Fredrik. Dei svenske fangane vart delt likt mellom dei sigrande maktene, tras i ordrane den russiske kommandanten Aleksandr Danilovitsj Mensjikov hadde fått frå tsar Peter den store om å sikre Russland den største parten, sidan russarane hadde medverka med den største kontingenten til den samla armeen. Dette førte til rykte om at Mensjikov vart muta av Görtz.[6]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads