Overgjevinga i Perevolotsjna

From Wikipedia, the free encyclopedia

Overgjevinga i Perevolotsjna
Remove ads

Overgjevinga i Perevolotsjna var kapituleringa til nesten heile den svenske armeen den 11. juli 1709. Heile den ein gong så imponerande svenske armeen vart utsletta etter nederlaget i slaget ved Poltava og bana veg for russisk siger i sen store nordiske krigen.

Meir informasjon Perevolotsjna, Dato ...
Remove ads

Bakgrunn

For meir om dette emnet, sjå slaget ved Poltava.

Etter nederlaget i Poltava hadde Karl XII planar om å føre den svenske armen over Vorskla nær landsbyen Bjeliki, sør for Poltava og inn i området til tatarane. Morgonen etter slaget vart det ikkje gjeven ordre etter at dei drog frå Novo Sensjary, og marsjen heldt fram langs høgrebreidda av Vorskla. Det låg ein vadestad over elva nær Kisjenka, men ingen av offiserane oppdaga denne og styrken marsjerte vidare til Perevolotsjna fem kilometer lenger unna.

Remove ads

Overgjevinga

Ved Perevolotsjna fekk kong Karl sjansen til å styrte framom med ein styrke på 1500 mann til osmanske området av general Adam Ludwig Lewenhaupt og andre erfarne offiserar. Av årsakene til at kongen ønskte å krysse der var ønske om å raskt kom seg attende til Polen. I følgje planen til Karl, skulle Lewenhaupt følgje han over Dnepr, men generalen valde å bli verande attende å kommandere armeen. Karl gav Lewenhaupt ordre om å føre armeen over Vorskla og inn i det tatar-kontrollerte området, og han lovde å utføre denne ordren.

Morgonen den 1. juli kom general Mensjikov frå nord med ein russisk styrke på mindre enn 9 000 mann, hovudsakleg kavaleristar. Lewenhaupt ønskte ikkje kamp mot russarane, og etter eit møte og avstemming mellom dei høgare offiserane, valde armeen å kapitulere.

Remove ads

Følgjer for krigen

Overgjevinga medverka til den russiske sigeren i den store nordiske krigen. Svenskane hadde ikkje lenger ein arme på kontinentet og resten av Det svenske imperiet var nærast forsvarslaust. Russland var no på offensiven, medan Sverige var under hardt press for å få samla saman ein ny arme for å forsvare seg sjølv. General Lewenhaupt vart fengsla og døydde i russisk fangenskap i 1719. Kong Karl gjorde ingenting for å få han fri, men flykta til Bender i det som då var Det osmanske riket.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads