Slaget ved Hummelshof

From Wikipedia, the free encyclopedia

Slaget ved Hummelshof
Remove ads

Slaget ved Hummelshof fann stad 1. august 1702 nær den vesle byen Hummelshof i Svensk Livland (dagens Estland). Det var den andre viktige russiske sigeren i den store nordiske krigen.

Kjappe fakta Dato, Stad ...
Remove ads

Opptakt

Om lag eit halvt år etter slaget ved Erastfer var det ingen store slag mellom dei russiske og svenske armeane. I juli starta den russiske armeen å rykke fram til Tartu. Dei to armeane møttest nær byen Hummelshof.

Slaget

I starten vann dei svenske soldatane slaget mot den russiske fortroppen og tok fem eller seks kanonar. Seinare nådde den russiske hovudstyrken slagmarka og gjekk til åtak på svenskane. Sverige dreiv tilbake det første russiske åtaket, men russarane kom attende. Det utkvilte russiske infanteriet omringa den svenske styrken. Den svenske armeen vart fullstendig utsletta.

Etterverknad

Etter dette slaget marsjerte Boris Sjeremetev gjennom det sørlege Svensk Livland utan motstand og plyndra området.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads