Open Arms av Journey
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Open Arms» er ein song av det amerikanske rockebandet Journey. Han vart gjeven ut på singel frå filmusikkalbumet Heavy Metal og albumet deira Escape frå 1981. Songen vart skriven av Steve Perry og Jonathan Cain og er ein powerballade med ein tekst som omhandlar eit forsøk på å fornye eit skrantande forhold. Songen er ein av dei største hittane til bandet og nådde andreplassen på amerikanske Billboard Hot 100 i februar 1982 der han låg seks veker (bak «Centerfold» av The J. Geils Band og «I Love Rock 'n' Roll» av Joan Jett and the Blackhearts).[2]
«Open Arms» er blitt spelt av mange andre artistar. Mariah Carey fekk ein hit med sin versjon av songen i 1996. Versjonen hennar nådde fjerdeplassen på britiske UK Singles Chart. Songen er òg blitt spelt av Barry Manilow, Boyz II Men og Celine Dion.
Journey si innspeling av «Open Arms» har blitt skildra som ein av dei beste kjærleikssongane skrivne nokon gong.[3][4] VH1 kåra songen til den beste powerballaden gjennom tidende.[5] Mike DeGagne i AllMusic skildra han som «ein av dei vakraste balladane i rocken», som «skin med ein ærlegdom og kjensle som berre Steve Perry kunne få til.»[6]
Remove ads
Medverkande
- Steve Perry – solovokal
- Neal Schon – sologitar, korvokal
- Jonathan Cain – klaverinstrument, rytmegitar, korvokal
- Ross Valory – bass, korvokal
- Steve Smith – trommer, perkusjon, korvokal
Salslister
Remove ads
Mariah Carey-versjonen
Mariah Carey spelte inn sin versjon av songen i lag med Walter Afanasieff som produsent for det femte albume thennar, Daydream. Karrieren til Carey kryssa stiar med Journey fleire gonger. Trommeslagaren i bandet, Steve Smith, spelte trommer på mange av dei tidlege singlane hennar, og bassisten ein kort stund i 1980-åra, Randy Jackson, har arbeidd med Carey i lang tid.
Singelen kom ut som den tredje singelen frå albumet mellom seint i 1995 og tidleg i 1996 i dei fleste marknadane utafor USA. Han nådde fjerdeplassen på singellista i Storbritannia og vart framført live på Top of the Pops på BBC. Han nådde òg topp 10 i Irland og New Zealand, og 15. plassen i Nederland. Musikkvideoen til singelen var regissert av Larry Jordan og er eit konsertopptak av songen av Carey frå Madison Square Garden. Videoen for den spanske versjonen av songen, «El Amor Que Soñé», er òg eit opptak frå same konserten.
I Storbritannia selte singelen 105 000 eksemplar.[21]
Salslister
Vekeslister
Årslister
Remove ads
Andre versjonar
- Countrysongaren Collin Raye gav ut ein versjon av «Open Arms» på samlealbumet sitt The Best of Collin Raye: Direct Hits i 1997. Versjonen hans nådde 70. plassen på Hot Country Songs det året.
- Ein versjon av songen kom ut på ei B-sidesamling av bandet Low, A Lifetime of Temporary Relief: 10 Years of B-Sides and Rarities.
- R&B-gruppa Boyz II Men spelte inn songen i 2009 for albumet Love.
- Daniel Evans framførte songen i finalen i The X Factor i Storbritannia i 2008 og gav han ut på eit album kalla No Easy Way i 2010.
- Celine Dion spelte inn ein versjon som kom ut på den japanske utgåva av albumet Loved Me Back to Life i 2013. Han var òg tilgjengeleg på CD-singelen av «Incredible» i 2014.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads