Pavel Ploc

From Wikipedia, the free encyclopedia

Pavel Ploc
Remove ads

Pavel Ploc (fødd 15. juni 1964 i Jilemnice) er ein tsjekkisk tidlegare skihoppar som tevla for Tsjekkoslovakia frå 1982 til 1991. Han tok sølvmedalje i normalbakken under OL 1988 i Calgary, og bronsemedalje i storbakken under OL 1984 i Sarajevo. Ploc vann sølvmedaljen under VM i skiflyging i 1983 og bronsemedaljen i same i 1985. Dessutan har han to bronsemedaljar frå verdsmeisterskap i laghopping; 1984 og 1989).

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Ploc debuterte i verdscupen i skihopping i mars 1982 med ein tolvteplass i skiflygingsbakken i Bad Mitterndorf. I byrjinga av januar 1983 gjekk han heilt til topps i eit verdscuprenn i storbakken i Harrachov, 0,9 poeng framom Klaus Ostwald frå Aust-Tyskland. Seinare i sesongen fekk Ploc sølvmedaljen under skiflygings-VM i nettopp Harrachov. Rollene var då omsnudd, Klaus Ostwald vart verdmeister med Ploc og Matti Nykänen på dei neste medaljeplassane. Ploc sette elles verdsrekord i skiflyging med eit hopp på 181 meter, ein rekord som vart ståande i eit år.

I OL-sesongen 1984 fekk Ploc ei rekke gode plasseringar. Han vann bronsemedaljen i storbakken under vinter-OL i Sarajevo, og vann sidan to verdscuprenn og tok fleire gongar steget opp på sigerspallen. Også i skiflygings-VM 1985 i Planica fekk han bronsemedalje, og hadde elles to andreplassar i verdscupen som sine beste prestasjonar i 1985-sesongen.

Ploc vann i 1986 nyttårshopprennet i Garmisch-Partenkirchen. Etter ein svak sesong i 1987 var han tilbake i verdstoppen i 1988-sesongen. Gjennom OL-sesongen sigra han i fire verdscuprenn, og fekk sølvmedaljen i normalbakken under vinter-OL i Calgary. Trass i at han vann verdscuprennet i heimlege Liberec i 1989, gjorde han lite av seg i resten av sesongen. Unnataket var lagtevlinga under VM i Lahti, der Tsjekkoslovakia vann bronsen. På ny forbetra han seg i 1990-sesongen då han fekk ein andreplass i eit verdscuprenn, før han gjekk heilt til topps i Sollefteå i mars 1990. Ploc la opp som skihoppar i 1992, han lukkast ikkje med overgangen til V-stilen.

Verdcupsigrar

Meir informasjon Nr., Dato ...

På slutten av 1990-talet var Pavel Ploc tsjekkisk landslagstrenar i skihopping. Seinare har han hatt plass i bystyret i Liberec som representant for sosialdemokratane.

Remove ads

Kjelder

  • Sportsboken, aktuelle årgangar
  • (en) Pavel Ploc – Profil og resultatoversikt hos FIS
  • (en) Pavel Ploc Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads