Petter Andersen

norsk skeiseløpar From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Petter Andersen (fødd 2. januar 1974) er ein norsk tidlegare skeiseløpar frå Kolbotn i Akershus. Han vart noregsmeister 1996 i firkamp og vann bronse på 1000 meter i VM enkeltdistansar 2005. Andersen var medlem i Aktiv skøyteklubb.

Kjappe fakta
Remove ads

Aktiv

Andersen høyrde til noregseliten på skeiser frå 1994 til 2006. Vinteren 1996 vart han i Tromsø suveren norsk meister i firkamp. Han var ein ordinær utøvar på dei lange distansane og nådde dermed ikkje opp i tetsjiktet i europa- eller verdsmeisterskap. Best gjorde han det under europameisterskapen 2002 i Erfurt der han vann både 500 meter og 1 500 meter, måtte likevel nøye seg med ein femteplass samanlagt.

Etter kvart spesialiserte Andersen seg på dei kortare distansane opp til 1500 meter. I VM enkeltdistansar i Inzell i 2005 delte han bronsemedaljen på 1 000 meter med finske Pekka Koskela. Landsmannen Even Wetten vann gullmedaljen og nederlendaren Jan Bos sølv. Ved verdsmeisterskapen i firkamp i Heerenveen same sesongen fekk han bestetid på 500 meter, men enda samanlagt på ellevteplass.

Under dei olympiske leikane 2006 i Torino vart Andersen nummer 7 på 1500 meter.

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads