Picturesque Matchstickable Messages from the Status Quo
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Picturesque Matchstickable Messages from The Status Quo er debutalbumet til det engelske rockebandet Status Quo, gjeve ut i september 1968. Det inneheld fleire coverlåtar, som «Green Tambourine» av The Lemon Pipers.
Remove ads
Bakgrunn
Den første singelen frå albumet var tenkt å vere «Gentleman Joe's Sidewalk Café» med de originale Francis Rossi-songen «Pictures of Matchstick Men» som B-side, men desse songane vart til slutt byta om. Singelen nådde sjuandeplassen i Storbritannia og vart den einaste større hitsingelen deira i USA, der han nådde 12. plassen. Singelen nådde òg åttandeplassen i Canada.
Den andre singelen frå plata, Rossi sin «Black Veils of Melancholy» (med organisten Roy Lynes-songen «To Be Free» som B-side), selde dårleg og har til og med blitt kalla «ein blåkopi av 'Pictures of Matchstick Men'». Den tredje singelen, «Ice in the Sun» vart skriven for bandet av Marty Wilde og Ronnie Scott (ikkje jazzmusikaren), med Rossi/Parfitt-songen «When My Mind Is Not Live» som B-side. Denne nådde åttandeplassen i Storbritannia og 29. plassen i Canada.
Sjølve albumet kom ut 27. september 1968, men selde ikkje godt nok til å gå inn på den britiske albumlista. Bandet planla å gje ut ein fjerde singel frå albumet, «Technicolour Dreams» med Wilde/Scott-songen «Paradise Flat» som B-side, men han vart trekt attende etter få dagar til fordel for ein song som ikkje var med på albumet. Den nye singelen var skriven av Rossi og Parfitt og heitte «Make Me Stay a Bit Longer», med bassisten Alan Lancaster sin «Auntie Nellie» som B-side. Han kom ut 31. januar 1969. Det var den siste singelen bandet gav ut under namnet «The» Status Quo og fekk gode meldingar frå kritikarane.
Remove ads
Innhald
Luksusutgåva frå 2009
Remove ads
Medverkande
- Francis Rossi - sologitar, vokal
- Rick Parfitt - rytmegitar, vokal
- Alan Lancaster - bassgitar
- John Coghlan - trommer
- Roy Lynes - orgel, vokal
Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Picturesque Matchstickable Messages from the Status Quo» frå Wikipedia på engelsk, den 2. oktober 2018.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads