Polykras
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Polykras eller polykras-(Y) er eit svart eller brunt metallisk kompleks av uran, yttrium og oksidmineral med formel (Y,Ca,Ce,U,Th)(Ti,Nb,Ta)2O6. Det er amorft. Polykras har ein Mohs hardleik på 5 til 6 og ein spesifikk gravitet på 5. Stoffet er radioaktivt på grunn av uran-innhaldet (rundt 6 %). Ein finn det i granittiske pegmatittar. Mineralet er nær nærskyldt med euxenitt.
Polykras var først skildra i 1870 frå Rasvåg på Hidra ved Flekkefjord.
Remove ads
Førekomst
Polykras finn ein som langstrakte, tavleforma krystallar på fleire stader i mineralgangar i Slättåkra ved Jönköping i Sverige. Det finst i Setesdalen i Noreg og i Nord- og Sør-Carolina og Rocky Mountains i USA.
Kjelder
- Mindat with location data
- Webmineral
- Meyers varulexikon, Forum, 1952
- Denne artikkelen bygger på «Polycrase» frå Wikipedia på engelsk, og «Polykras» frå Wikipedia på svensk den 1. mai 2013.
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads