Procol Harum av Procol Harum

studioalbum av Procol Harum From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Procol Harum er debutalbumet til det engelske rockebandet Procol Harum. Det kom ut i september 1967 på Deram i USa, etter gjennombrotet deira med den særs populære singelen «A Whiter Shade of Pale». Songen er ikkje med på den britiske utgåva av albumet som kom ut i desember 1967 på Regal Zonophone.

Meir informasjon -kronologi ...
Remove ads

Låtskriving

Alle songane var originale og skrivne av Gary Brooker (musikk) og Keith Reid (tekst), utanom «Repent Walpurgis» skriven av Matthew Fisher, etter verk av den franske organisten Charles-Marie Widor og den tyske komponisten Johann Sebastian Bach.

I 2005 saksøkte Matthew Fisher[1] Gary Brooker og forleggjaren han og meinte at han var dels komponist på musikken for «A Whiter Shade of Pale». Den endelege avgjersla kom 30. juli 2009, då House of Lords dømde i favør av Fisher. Lord David Neuberger skreiv: «Bidrag til Fisher var signifikant, særskild dei åtte første taktane som var ein viktig faktor i suksessen til verket...».[2][3]

Tekstforfattaren Keith Reid fortalte Songfacts at musikken for «Conquistador» var skriven før teksten. Han la til at dette var uvanleg for Procol Harum på den tida, då nesten alle songane vart tonesette til tekstar som alt var skrivne.»[4]

Remove ads

Utgjeving

Procol Harum kom ut i september 1967 i USA og tre månader seinare i Storbritannia. Sjølv om albumet vart spelt inn med fleirsporsopptakar, vart det berre gjeve ut på mono i Storbritannia, og både i mono og re-kanalisert stereo i USA. Ein har ikkje funne att dei originale masterlydbanda, så det vert kanskje aldri mogeleg å lage ein ordentleg stereomiks av originalalbumet. Fleire alternative opptak er derimot blitt miksa til stereo og finst på CD.

Albumet har kome ut på ny fleire gonger, mellom anna Procol Harum...Plus! i 1998 som kom med fleire bonusspo og ei vinylutgåve i mono i 2003 på Classic Records.

Eit konsertopptak av sporet «Conquistador» vart gjeven ut på singel frå albumet Procol Harum Live with the Edmonton Symphony Orchestra i 1972 og nådde 16. plassen på Billboard Hot 100-lista i USA og låg ti veker inne på lista.[5]

Remove ads

Mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

I ei seinare melding av albumet skreiv Bruce Eder frå AllMusic: «Ikkje alt her fungerar, men det held seg betre enn det meste av psykedelisk eller progressiv rock

Albumet var med på magasinet Classic Rock si liste over «50 album som bygde progrock».[10] Det vart inkludert på lista til Rolling Stone frå 2007 over «40 essensielle album frå 1967».[11]

Innhald

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Alle spor skrivne av Gary Brooker og Keith Reid, bortsett frå der anna er nemnt

Meir informasjon Nr., Tittel ...

Amerikansk versjon

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Tysk versjon

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Luksusutåva på Esoteric Recordings frå 2015

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Medverkande

Procol Harum
Andre medverkande
  • Bill Eyden – trommer (US 1)
Teknisk
  • Simon Platz - leiande produsent (for Fly Records)
  • Eddy Offord, Frank Owen, Gerald Chevin, Keith Grant, Laurence Burridge - lydteknikar
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads