Conquistador av Procol Harum
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Conquistador» er ein song av det britiske rockebandet Procol Harum. Han var skriven av Gary Brooker og Keith Reid og ført gjeven ut i 1967 på debutalbumet deira. Han vart sidan gjeven ut på singel frå konsertalbumet deira Procol Harum Live: In Concert with the Edmonton Symphony Orchestra i 1972. Det er ein av dei mest kjende og populære songane deira og den tredje topp 40-hitten deira på den amerikanske Billboard Hot 100 (etter «A Whiter Shade of Pale» og «Homburg» frå 1967), som nådde 16. plassen.
Remove ads
Bakgrunn og komposisjon
Teksten til songen var skriven av Keith Reid med musikk komponert av Gary Brooker, som òg var vokalist. Songen kom ut i 1967 på albumet Procol Harum.[1] Musikken vart skriven før teksten, noko som var uvanleg for Procol Harum. Reid fortalte at Brooker hadde skrive eit spanskklingande musikkstykke før bandet vart offisielt skipa, og Reid valde å skrive ein tekst om ein conquistador.[2] I august 1971 vart Procol Harum invitert til å spele med Edmonton Symphony Orchestra i Edmonton i Alberta. «Conquistador» vart lagt til settet med lita tid til overs, og orkesteret hadde ikkje tid til å øvre. Likevel byrja dei konserten med songen og konserten vart gjeven ut på albumet Procol Harum Live: In Concert with the Edmonton Symphony Orchestra, der «Conquistador» vart den første singelen.[3]
Remove ads
Utgjeving og mottaking
Etter «A Whiter Shade of Pale» er «Conquistador» den singelen av bandet som gjorde det best. Han nådde 16. plassen på Billboard Hot 100 den 29. juli 1972, nøyaktig fem år etter «A Whiter Shade of Pale» klatra til femteplassen. Dette var med å skyte albumet opp til topp fem på albumlista.[3] «Conquistador» nådde 22. plassen på UK Singles Chart.[4] Songen vart godt motteken av musikkpressa. Bruce Eder frå Allmusic omtalte songen som «den mest lyttarvennlege» på Procol Harum Live In Concert with the Edmonton Symphony Orchestra, og la til at «ingenting anna på albumet er like spanande som denne.»[3] Songen var oppført i Dave Thompson sin 1000 Songs that Rock Your World.[5]
Remove ads
Medverkande
1967
- Gary Brooker - piano og vokal
- Robin Trower - gitar
- Matthew Fisher - orgel
- Dave Knights - bassgitar
- B.J. Wilson – trommer
- Keith Reid - tekst
1972
- Gary Brooker - piano and vokal
- Dave Ball - gitar
- Chris Copping - organ
- Alan Cartwright - bassgitar
- B.J. Wilson - trommer
- Keith Reid - tekst
Salslister
Remove ads
Andre utgåver
- Progrockbandet Transatlantic spelte denne songen i 2014 på albumet deira Kaleidoscope.
- Ein versjon av Killdozer kom ut på 7"-singelen «Michael Gerald's Party Machine presents...»
- Percy Faith and His Orchestra and Chorus spelte inn songen i 1972 på albumet deira Day by Day.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads