Red Rain

sang av den engelske singer-songwriteren og rockemusikeren Peter Gabriel (1987) From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Red Rain» er opningssporet på So av Peter Gabriel frå 1986. I USA nådde songen tredjeplassen på Billboard si Mainstream Rock-liste. Stewart Copeland frå The Police spelte hi-hat for den regnliknande bakgrunnslyden, medan Jerry Marotta spelte trommer på resten.

Meir informasjon Låtskrivar(ar), Peter Gabriel-kronologi ...

Gabriel hadde fleire inspirasjonskjelder då han skreiv songen. Teksten kjem frå ein tilbakevendande draum Gabriel hadde om at han symde i eit basseng fylt med raudvin. I ein annan versjon av draumen fall flasker forma som menneske utfor eit stup, og då dei trefte bakken knuste dei og ei raud væske kom til syne, og det byrja å regne raudt.

Tidlegare i solokarrieren sin hadde Gabriel ein ide for ein film kalla Mozo. I filmen skulle landsbybuarane straffast for syndene sine med blodregn. «Red Rain» skulle vere temasongen. Ideen vart etter kvart skrinlagd, men Mozo er nemnd i songen «On the Air» frå Peter Gabriel (II). «Down the Dolce Vita», «Here Comes the Flood», «Exposure» og «Big Blue Ball» refererer òg til soga i Mozo.

Remove ads

Utgjevingar

Innhald

  1. «Red Rain»
  2. «In Your Eyes» (special mix) [berre på 12"]
  3. «Gaga»

Gaga er instrumentalsporet av songen I Go Swimming som berre finst på plata «Plays Live».

Sporliste (Amerikansk 12" singel (20749-0))

  1. «Red Rain» - 5:35
  2. «GA-GA (I go swimming instrumental)» - 4:31
  3. «Walk Through The Fire» - 3:31

I populærkulturen

  • Red Rain vart nytta i TV-serien Miami Vice i oktober 1986.[1][2]
  • I ein episode av CSI: NY («Dead Inside»), referer Sam, systera til detektiven Flack, til songen.

Medverkande

Andre versjonar

  • For konsertopptaket på Secret World spelar Manu Katché trommer.
  • Gabriel fekk med seg Michael Stipe og Natalie Merchant på ein konsertversjon av songen under VH1 Honors i 1996.
  • The John Tesh Project med Eric Marienthal på saksofon spelte songen på albumet Sax All Night i 1997.[3]
  • Songen vart spelt inn av Ill NiñoThe Under Cover Sessions.
  • Han vart spelt inn av det progressive metal-bandet Queensrÿche i 2007 på Take Cover.
  • Coheed and Cambria framførte songen på Bonnaroo og Mountain Jam i 2009.
Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads